Berre ein drøy time etter at børsen hadde opna, fall Lerøy Seafood group 4,3%, og Pan Fish fall 4,4%.
Dei amerikanske forskarane meiner at innhaldet av PCB og dioksin i laksen kan føra til misdanning på fostera, redusert læringsevne og auka kreftfare.

Konserndirektør Ole-Eirik Lerøy.
Ingen panikk på Lerøy
Trass eit børsfall på 4,7%, ser ikkje konserndirektør i Lerøy, Ole-Eirik Lærøy, grunn til panikk.
- Det er vanskeleg å kommentera utviklinga frå time til time. Slike svingningar er naturlege når det kjem dårlege nyheiter, seier han.
- No må me berre retta opp feila med fakta, og då trur eg at situasjonen ordnar seg att, avsluttar Lerøy.