– Eg håpar innbyggjarane kjenner seg at i min versjon av fisk og hav, seier graffitikunstnaren Muga on Air.
ANONYM: – Det kan vere at politiet i Belgia veit kven eg er likevel, men at dei vel å sjå mellom fingrane på det, seier han.
Foto: Åsta Urdal / NRKI løpet av fem dagar har han trylla fram eit veggmåleri på over 20 kvadratmeter som skildrar ein stupande mann med fiskehud, omgitt av hav og sjøfugl. Laurdag la han siste hand på verket, som vert den andre av i alt åtte planlagde graffitiveggar i Florø.
FUGLEPERSPEKTIV: Muga on Air Muga er eit japansk ord som tyder konsentrasjon. Det å vere fullstendig fokusert, inne i det du held på med.
Foto: Åsta Urdal / NRKSåg til Stavanger
Dagleg leiar i Byen vår Florø, Per Øyvind Helle, er saman med Barbro Furset ein av initiativtakarane bak prosjektet.
AQUATAR: – Den minner meg om ein avatar, men her er det snakk om ein vannmann, seier Per Øyvind Helle, dagleg leiar av Byen vår Florø, og ein av initiativtakarane bak street art-prosjektet.
Foto: Åsta Urdal / NRK– Vi henta inspirasjonen frå ein konferanse i Stavanger. Der vart vi invitert til å gå ei street art-løype, og vi tenkte umiddelbart at dette måtte vi få til i Florø og. Det passar godt til den fargerike og uhøgtidlege folkesjela til byen.
200 000 kr i INU-midlar gjorde at prosjektet kunne realiserast, og i samarbeid med Bergen Streetart har Byen Vår Florø funne fram til nokre kunstnarar som skal friske opp bybiletet. Tidlegare denne sommaren kunne florøværingane gle seg over ein freske som skildra ein rev gapande etter ein fugl på flukt, laga av franskmannen Stew og nordmannen Newton.
Kurs til hausten
YELLOW: Arbeidsverktøyet er sprayboksar og akrylmåling.
Foto: Åsta Urdal / NRK– Bergen StreetArt kjem dessutan attende til hausten, då skulen har starta, for å halde graffitikurs for unge som er interessert i kunst, fortel Helle.
Medan NRK er på staden kjem fleire skodelystne for å ta veggen i nærare augesyn. "Morfar, har vi sånn måling vi kan male på vegger med heime?" spør eit søskenpar, medan ein eldre kar ber Helle "helse til foreldra, og forresten – veldig flott med denne målinga! Køyr på!" Det er openbert at prosjektet fell i god jord.
HIMMEL: Og hav møtes i Muga on Air sin freske.
Foto: Åsta Urdal / Nrk– Thank you, svarar Muga on Air når han får det han forstår er skryt.
Han ynsker ikkje å avsløre sitt eigentlege namn, eller ansiktstrekk, men vi kan avsløre at han er frå Belgia. Han har sett merke sitt på byggverk i Paris, Brussel, Berlin og Oslo. Og eit lite knippe utvalde stader i Sunnfjord.
SJÅ VIDEO: I løpet av fem dagar har kunstnaren trylla fram eit veggmåleri på over 20 kvadratmeter som skildrar ein stupande mann med fiskehud, omgitt av hav og sjøfugl.
Spenning
– Helle har sørga for gode arbeidsforhold, til trass for pøsande regn, og det gjer meg ei god ro i arbeidet. Men eg må innrømme at det er ei anna spenning i å lage ulovleg kunst.
MUGA: in the air.
Foto: Åsta Urdal / nrkVegen til graffitien fann han gjennom hiphop kulturen der han forsøkte seg på dei fleste disiplinar, men landa på den mest fargerike. Sidan har det gått steg, for steg, og i vår hadde han ei utstilling på Le Cabinet d'Amateur i Paris.
– Men eg likar å ha kunsten min ute i gatene, då når den fleire.
SKISSE: Ved bruk av prosjektor har Muga on Air fått det store motivet opp på veggen. Sidan har han jobba frå eit stillas. Siste hand vert gjort med lange armar og ein stige.
Foto: Åsta Urdal / NRK