Hopp til innhold

Fiskeguru står utan napp etter 42 dagar laksefiske

Fiskeguru Bjarne Huseklepp er kjend for å ha fiskelukke. No er han fortvila over det dårlege fisket i Flekkeelva.

Bjarne Huseklepp

SJEFSFISKAR: Bjarne Huseklepp er kjend for å ha god fiskelukke. I år har han ikkje fått ein einaste fisk.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Eg har ikkje fått ein einaste fisk, seier Huseklepp fortvila.

Sist han opplevde dette var på 80-talet, og sjefsfiskaren seier det verken er mangel på innsats eller forhold i elva.

Ikkje eit napp

Huseklepp er kjend for å kjenne dei fleste triks i boka for å ha fiskelukke.
Han har hatt fiskeskule med ut.no, og han har fått store laksar på direkten med NRK. Men sidan startskotet for laksefisket gjekk 1. juni har det vore stille sjefsfiskaren.

Etter å ha fiska i 42 dagar står Huseklepp utan å ha hatt så mykje som eit napp på kroken.

– Vanlegvis kjenner du i det minste at fisken nappar litt på sluken, men ikkje i år. Eg er rett og slett bekymra, seier sjefsfiskaren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bjarne Huseklepp med tidlegare laksefangstar

TIDLEGARE LAKSEFANGSTAR: Bjarne Huseklepp med tidlegare laksefangstar.

Foto: Silje Guddal/Harald Kolseth / NRK

Færre fisk i elvane

Det er registrert færre fisk i lakseelvane så langt i år, enn i fjor. Likevel er fisken som vert fanga større.

– Det har vore ein treigare start enn tidlegare sesongar, seier Svenn Morten Eikeset i Eid sportsfiskarlag.

Laksefisket i elvane opna 1 og 15 juni. Så langt er det fanga litt færre fisk enn i fjor, men han er større, fortel Eikeset.

Best i Nausta

Eiliv Erdal i Naustdal Elveeigarlag seier dei har strenge fiske-restriksjonar i Nausta, samanlikna med andre. I Nausta er allereie ein av kvotane fiska opp.

– Her har det vore eit bra år så langt. Det er det nest beste året dei siste fem åra i Nausa, seier Erdal nøgd.


Både i Årøyelva og Stryneelva er laksefisket omtrent som i fjor. I Lærdalselva er måla innfridde, medan det i Flekkelva er mindre enn vanleg. Preben Moen ved Gloppen hotell registrerer at fisken er seinare opp i elva.

– Gloppenelva har jo vore stabil. vi har tatt mykje storlaks. Vi hadde ein ny rekkord på 17, 7 kilo. Vi har tatt opp færre enn i fjor, men det er mykje fisk her, seier Preben Moen.