Betre løn og fritidsordningar har gjort at mange vel å byte ut fiskaryrket med arbeid på kraftig subsidierte supplybåtar.
- LES OGSÅ:
Kåre Furnes i Måløy er mellom fiskebåtreiarane som har fått nok av å bli utkonkurrert – og har klart å få tak i høgkvalifiserte folk og lærlingar.
- LES OGSÅ:
– Vi har prøvd å tilpasse litt meir moderne arbeidstid i den forstand at våre båtar no går fire veker på sjøen og mannskapet har fire veker fri når dei kjem heim att. Det er akkurat der eg tykte det var tyngst å konkurrere med oljenæringa, nemleg på fri ordningane, seier Furnes.
(Artikkelen held fram under biletet)
Får fire milliardar
– Hovudproblemet oppstod då dei fekk så gode skift og fritidsordningar i offshorenæringa, og hadde behov for eit stort tal nye folk. Dei reiste med våre fiskarar og ikkje minst ein del nøkkelpersonell, ikkje minst maskinistar, legg Furnes til.
Supplynæringa får kvart år om lag fire milliardar kroner i støtte gjennom statsbudsjettet i form av skattelette og overføringar.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Det er pengar som Furnes og andre fiskebåtreiarar berre kan drøyme om.
Gjekk, men kom tilbake
Det har ført til at det er vanskeleg å få tak i nye folk, og at mange forsvinn over på supplybåtar. Ein av dei som har gått den vegen er Tony Silden. Han gjekk til supplynæringa, slik mange andre gjer for høgare løn og meir fritid.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
No er han tilbake i fiskerinæringa, for han klarte ikkje å leva utan spenninga han får om bord i linebåten.
– Det er heilt klart at offshore reiarlag har større moglegheit til å tilby meir føreseielegheit og eit jamnare lønnsnivå, seier Silden.
– Forkasteleg
Furnes er tydeleg misnøgd med måten offshorenæringa blir subsidiert.
– Måten oljenæringa blir sydd puter oppunder armen på, det er berre heilt forkasteleg. Vi har tatt den konkurransen og vi har slite med den.
Finansdepartementet har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar i saka.
Taper kampen
Leiar i Norges Fiskarlag, Reidar Nilsen, støttar Furnes. Dei konkurrerer om den same arbeidskrafta som supplynæringa, og han ser at dei er i ferd med å tape kampen.
– Det er ganske lett å spå at dersom vi ikkje har ordningar som rekrutterer fiskarar inn i fiskeflåten, så går næringa dårlegare tider i møte. Regjeringa har jo som mål at vi skal bli verdas beste sjømatnasjon, og det klarer vi ikkje om vi ikkje klarer å ordne opp i slike ting. Vi slit på alle baugar og treng andre ordningar så vi blir likestilte i desse tilfella, seier han.