Hopp til innhold

Fiskarane uroa over regjeringa sine havvindplanar

Fiskarane fryktar vindturbinar på fiskefelta. Reaksjonane har ikkje latt vente på seg etter at statsminister Jonas Gahr Støre uttalte at Noreg skal bli ein av verdas leiande nasjonar på havvind.

Jona Gahr Støre og Ole Svein Einebærholm

Statsminister Jonas Gahr Støre møter fiskar Ole Svein Einebærholm som er skeptisk til havvindplanane til regjeringa.

Foto: Nikolai Akse Helgås / NRK

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

– Eg tykkjer ikkje noko om det. Det er for lite greidd ut slik det vert lagt fram no. Det seier Ole Svein Einebærholm, fiskar og medeigar i fiskebåten Vestbris.

Tysdag fekk han besøk om bord i fiskebåten av statsminister Jonas Gahr Støre. Støre har ambisjonar om at Noreg skal verte ein av verdas leiande nasjonar på vindkraft til havs. For å få det til skal det settast opp 1500 turbinar innan 2040. Det svarar til straumen frå nesten all norsk vasskraft.

– Blir meir krig der ute

– Vi er svært uroa. Vi veit i dag for lite om konsekvensane som havvindsatsinga vil få for yngel og fisk i områda vindmøllene skal plasserast, seier Siv Madsen som er dagleg leiar for Fiskebas AS i Florø.

Fiskarane meiner det først må gjennomførast grundige undersøkingar av kva konsekvensar vindturbinane vil få for fisket i områda der vindturbinane skal kome. Dei peikar blant anna på dei store vernesonene som er rundt dagens oljeinstallasjonar.

– Det betyr at det blir trongare. Det er mykje der frå før og skal dette kome i tillegg så blir det meir krig der ute, seier Einebærholm.

Generalsekretær Sverre Johansen i Noregs Fiskarlag er også uroleg.

– Vi er bekymra for at vi ikkje veit nok før vi går i gang med ei omfattande utbygging. Vi må vera trygge på at fiskeria blir varetatt og at vi får gode areal til å drive vår aktivitet på, også i tida framover, seier han.

Les også Lanserer store planar for havvind: Slik skal Noreg bli verdsleiande

Jonas Gahr Støre i Gulen

Må samarbeide

I SV meiner miljøpolitisk talsperson Lars Haltbrekken at det er heilt avgjerande at vindkraftsatsinga vert utvikla i nært samarbeid med både fiskarar og miljøinteresser.

– Difor må vi gå fram stegvis og sørge for gode kartleggingar og evalueringar undervegs. Fiskarane gir oss kvar dag mat frå naturens overskot, det er ein ressurs vi må ta vare på, seier Haltbrekken.

Sørlige Nordsjø II

VIL HA UTLYSING NESTE ÅR: Arealet av Sørlege Nordsjø II er markert i raudt. Her vil Stortinget Energi- og miljøkomiteen på Stortinget har utlysing og tildeling av areal til havvindsatsing alt i 2023.

Grafikk: Equinor / RWE / Hydro

Har tru på sameksistens

I bransjeorganisasjonen Norwegian Offshore Wind trur dei at det er mogleg å finne ein farbar veg som kan redusere konfliktnivået.

– Det er nokre grunnleggande motsetnader. Samstundes har ein større spelerom når det kjem til havvind, for kvar ein legg vindparkane, seier leiar Arvid Nesse.

Han meiner det er viktig at regjeringa no syner at dette er noko dei ynskjer.

– Det må konkretiserast ytterlegare, ikkje minst for ein forpliktande tidsplan, slik at vi held framdrifta.

Arvid Nesse, leiar i Norwegian offshore wind

SAMEKSISTENS: Arvid Nesse er leiar i Norwegian Offshore Wind.

Foto: Håvard Nyhus / NRK

Har nok kunnskap

Sjølv om skepsisen blant fiskarar er stor, meiner statsminister Jonas Gahr Støre at Noreg har nok kunnskap i dag til å sette i gang havvindsatsinga.

– Det er viktig at vi har forsking på konsekvensane av havvind, seier Støre.

Han seier det og er viktig at det er gjort grundige undersøkingar av felta, der det kan kome havvind, før dei går til utlysing.

– Det finst mykje forsking allereie, men vi må også ta med oss dei erfaringane vi gjer oss undervegs etter kvart som havvindverksemda vert meir omfattande.

Om bord i Vestbris er fiskar Ole Svein Einebærholm klar på kva han meiner må til.

– Dei må finne andre plassar til vindturbinane og ikkje plassere dei på fiskefelta.