Hopp til innhold

Utmatta turistar redda ned frå Trolltunga

Eit utanlandsk turfølge på fire måtte ha hjelp til å komme seg ned frå fjellet i natt. – Ingen av dei var godt nok kledde for ein slik tur, seier politiet.

trolltunga

Det var klokka 23.02 seint i går kveld at politiet fekk melding om eit utanlandsk turfølge på fire som hadde fått problem på veg ned frå Trolltunga i Odda.

Ei 28 år gamal kvinne frå Chile var blitt utmatta og sliten av turen, og kom seg ikkje ned att. Dei tre andre kvinnene bestemte seg for å forlate ho for å komme i område med mobildekning for å tilkalle hjelp.

– Røde Kors vart rekvirert for å hente den utmatta kvinna, men i mellomtida får også dei tre andre problem med å ta seg ned, forklarer operasjonsleiar Eivind Hellesund til NRK.

Helikopter frå Stavanger

Tre av kvinnene fekk hjelp til å ta seg ned til bilen sin på å parkeringa i Skjeggedal. Men den fjerde kvinna var vanskeleg å finna i nattemørket og dermed vart helikopter frå Sola i Stavanger rekvirert.

– Det var vanskeleg å finna ho, for ho hadde også gått vekk frå stien. Til slutt lukkast ein med dette og den siste kvinna vart flydd ned i tryggleik rundt klokka 05.00 etter fleire timar ute.

Kvinna skal ha vore kring fire kilometer frå Trolltunga og sju kilometer frå parkeringsplassen.

Ikkje godt nok kledd

Hellesund seier at ingen av dei fire turistane var kledd for ein slik tur på kvelden.

– Eigentleg var dei ikkje kledde for tur i det heile tatt. Derfor var alle utmatta, kalde og slitne.

– No kom dei seg heldigvis i bilen og har fått tilsyn av ambulanselege og mannskap frå Røde Kors. Alle er i god behald. No skal dei køyre til Voss der dei har bustad denne sommaren, forklarer Hellesund.