Hopp til innhold

– Det velta svart røyk ut av tunnelen

60 personar blei evakuert då det oppstod røykutvikling i ein buss inne i ein tunnel. Ein person er frakta til akuttmottaket på Haukeland universitetssjukehus.

Dette er bussen det begynte å brenne i inne i Munkebotntunnelen.

Dette er bussen det begynte å brenne i inne i Munkebotntunnelen.

Foto: Karoline Finnema / NRK

Både bussar, bilar og totalt 60 personar er evakuert ut av fv. 585 Munkebotntunnelen i Bergen etter at det blei branntillaup i ein buss torsdag ettermiddag.

Det førte til stor røykutvikling inne i tunnelen og dei fleste begynte å evakuere seg sjølve til fots ut nordsida av tunnelen før naudetatane kom fram, opplyser Vest politidistrikt til NRK.

– Vi rykka ut med alt tilgjengeleg mannskap frå alle etatar. Då vi kom fram til tunnelen velta det svart røyk ut av tunnelen og det blei påvist opne flammar i ein buss som stod i tunnelen, seier Jon-Endre Skeie, innsatsleiar i Vest politidistrikt til NRK.

Fem skadde

Politiet opplyser at fem personar er meld skadde. Ein av dei er køyrd til akuttmottaket på Haukeland universitetssjukehus og fire er sendt til legevakta. Skadeomfanget er ukjent.

– Alle var medvitne, men helsetilstanden utover det har ikkje politiet opplysningar om, seier Skeie.

Det nordgåande laupet i E16 Fløyfjellstunnelen var også stengt, men er no opna att. I 19.20-tida er også Munkebotntunnelen open att, men klokka 19.30 blei det ein kort stenging fordi entreprenør skulle sjekke tunnelen.

Berre bussen blei skadd

Bussen er henta av bergingsbil. Ein jobba også ei stund med å tømme tunnelen for røyk.

Det vil bli gjort tekniske undersøkingar på bussen hjå Statens vegvesen for å klargjere årsaka til brannen.

– Det er ikkje skadar på andre køyretøy enn bussen. Kva skadar bussen har er for tidleg å seie, seier Skeie.

Han seier at naudetatane er bekymra for brann i tunnelar.

– Røyken som kjem frå brann er giftig og det er den største faren for passasjerane. Denne gangen gjekk det heldigvis bra for dei aller fleste. Tankane våre går til dei som er frakta til legevakt og sjukehus om at det skal gå bra for dei, seier innsatsleiaren.

Store forseinkingar

Politiet ber bilistar som skal E16 til Arnanipa om å køyre om Bergen Sør.

Skyss melder om store forseinkingar på linjene 3, 4, 5, 6, 83 og 300 grunna stenginga av tunnelane.