Hopp til innhold

Fire personar i frontkollisjon

Fire personar var involvert i ein frontkollisjon mellom Straume bru og Søreide seint i går kveld.

Det skal ha vore to personar i kvar bil då ulukka skjedde, men ingen av dei fire er alvorleg skadd etter ulukka.

Politiet melde om ulukka klokka 23.35 laurdag kveld.

Vegen var i ein periode stengt. Politiet dreiv dirigering på staden ei rundt ein time før vegen blei opna att.

Bilane hadde frontkollidert i ein sving ved Kiwi-butikken på Søreide.

Ein av bilane var registrert i utlandet.