Fire nye smitta i Kvam

Smitteutbrotet i Kvam herad held fram. Så langt i dag har heradet fått melding om fire nye koronasmitta. Dermed har totalt 42 innbyggarar testa positivt for covid-19 sidan onsdag førre veke. 128 testa seg for korona i hardangerkommunen onsdag.