Hopp til innhold

Fire nye løyve for CO2-lagring på norsk sokkel

Energidepartementet offentleggjer fire nye leiteløyve for mogleg framtidig CO2-lagring på kontinentalsokkelen. Alle løyva ligg i Nordsjøen.

– For at aktørane skal lykkast med dei ambisiøse planane sine må også lagringsdelen av verdikjeda på plass. Dagens tildelingar er derfor eit nytt, viktig steg mot å etablere Noreg som ein leiande aktør for storskala kommersiell CO2-lagring for europeiske utsleppskjelder, seier energiminister Terje Aasland.

Gassanlegget på Kollsnes i Øygarden vest for Bergen

Staten lyser ut område for karbonlagring i Nordsjøen

Regjeringa håpar karbonlagring kan bli det nye industrieventyret i Nordsjøen, men det er usikkert kor tett dei vil samarbeide med EU.