Hopp til innhold

Fire kvinner vêrfaste på Finse

Politiet rykte i natt ut til Kaldavasshytta på Finse etter melding frå pårørande om fire kvinner som ikkje returnerte med toget til Bergen i går ettermiddag. Politiet fann kvinnene i god behald på hytta, der dei hadde vald å bli verande på grunn av vêret. Manglande mobildekning gjorde at dei ikkje fekk varsla dei pårørande.