Fire i trafikkulykke i Bergen

To bilar er involverte i ei front mot front-ulykke ved Haukås i Bergen. Naudetatane er på staden. Totalt fire personar er involverte i ulykka. Dei blir no følgt opp av helsepersonell. Det er trafikale utfordringar på staden, opplyser politiet. 110-sentralen opplyser til NRK at det truleg er snakk om mindre personskadar.