Hopp til innhold

Husbrann blussa opp ein knapp time etter at brannvesenet forlét staden

FØRDE (NRK): Bustadbrannen på Flatene i Førde vart meldt sløkt i 04-tida natt til måndag. Nokre timar seinare, like før klokka 11 stod huset overtent. Over 100 personar vart evakuerte frå nabolaget.

Brann i Førde

TOTALSKADD: Huset i Førde har fått store brann- og røykskadar.

Foto: BJARTE SOLVÅG

– Vi skal avhøyre alle involverte for å prøve å finne ut kva som har skjedd og kvifor det skjedde, seier innsatsleiar for politiet, Øystein Russenes.

Saman med brannvesenet har dei no ein jobb å gjere for å finne ut av kvifor brannen på huset i Førde blussa opp kort tid etter at brannvesenet hadde forlate staden.

Skulle sløkke brann

Det var natt til måndag at brannvesenet fekk meldingar om ein brann på eit bustadhus i Førde. Brannvesenet fekk raskt kontroll og sløkte brannen. Då var det berre snakk om ein liten brann, men like før kl. 11:00 kom det meldingar om at det var opne flammar på staden.

Ifølgje brannsjef Bernhard Øberg vart det kjempa ein hard kamp mot flammane.

– Vi har brukt nokre timar etter det til å sløkke brannen. Huset er totalskadd.

Bernhard Øberg

VIL IKKJE SPEKULERE: Brannsjef Bernhard Øberg ønskjer ikkje å spekulere i om brannvesenet gjorde ei feilvurdering då dei forlét huset første gangen.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

Øberg fortel at dei hadde vakt på tomta fram til halv 10, men klokka halv 11 kom det meldingar om at brannen var blussa opp att.

– Var de for raske med å reise heim?

– Vi brukte mellom anna varmesøkjande kamera og vurderte brannstaden som kald då vi forlét branntomta klokka halv ti i dag, seier han.

– De kunne ikkje gjort noko annleis?

– Nei, det blir feil å synse eller spekulere om vi skulle vore lenger utover dagen. Vi skal assistere politiet og prøve å finne brannårsaka.

Prega nabolag

Ikkje lengje etter at brannvesenet kom på staden for brann nummer to, vart i alt 104 personar i nabolaget evakuert. Kommunen opna ein skule i nærleiken som kunne ta imot dei evakuerte.

Kommunalsjef Åge Stafsnes, som sjølv bur i nabolaget fortel at brannen har gjort sterkt inntrykk på nabolaget.

– Dette er ei tragisk hending, spesielt for dei som er råka. Vi kjenner familien, og tankane går til dei.

Karin Refvik, som er blant dei næraste naboane, opplevde situasjonen på nært hald. Ho fortel om eit nabolag i sjokk.

– Vi hadde jo ikkje tenkt at vi skulle bli evakuerte, men politiet sa vi måtte komme oss ned mot skulen. Men dette er jo verst for dei som har mista huset sitt. Vi har budde i same nabolag i over 20 år, så klart dette pregar oss.

Tre evakuerte

EVAKUERTE: Reidun Otternes, Karin Refvik og Min Andenæs var prega etter å ha vorte evakuerte som følgje av brannen.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK