Hopp til innhold

Fire båtar tok fyr i båthamn – politiet utelukkar ikkje brannstifting

Fire småbåtar er totalskadde etter at det braut ut brann i ei småbåthamn i Fitjar.

Brann i flere småbåter i båthavn i Fitjar

BRANN: Politiet fekk først melding om brann i ein båt. Totalt er fire båtar totalskadde etter brannen i båthamna i Kobbavik på Fitjar.

Foto: Politiet

Klokka 01.55 melde politiet om at det brann i ein fritidsbåt ved PS Brygge på Kråko i Fitjar. Då naudetatane kom fram, blei det meldt om brann i totalt fire båtar.

Ein privatperson varsla AMK, som deretter varsla politiet. Då naudetatane kom til staden, etter lang utrykkingstid, blei det konstatert at fire båtar hadde teke fyr.

Utelukkar ikkje at brannen er tent på

Fleire av båtane låg eit stykke frå kvarandre. Det blæs på staden i natt, som kan ha medverka til at brannen spreidde seg.

– Per no er det ikkje noko som indikerer at båtane er påsette, men det kan ikkje utelukkast. Me har hatt politihund på staden, som gjorde nokre søk etter gjenstandar eller spor. Det gav ingen resultat, seier operasjonsleiar Victor Fenne-Jensen til NRK.

Fleire av båtane er totalskadde. Båthamna ligg i Kobbavik, og består av kai og fleire flytebrygger. Stord lensmannskontor vil etterforska saka måndag.

– Politiet vil gjennomføra kriminaltekniske undersøkingar og forsøka fastslå kva som var årsaka her. Så vil det også bli ei forsikringssak for eigarane, seier Fenne-Jensen.

Utbrent båt etter båtbranner på Fitjar

UTBREND: Fire båtar blei totalskadde i brannen.

Foto: Politiet

Etterlyser vitne

Politiet har ikkje opplysingar om at personar skal ha vore om bord i båtane som tok fyr. Til no har ingen vitne meldt seg.

Operasjonsleiaren seier politiet er interesserte i opplysingar om eventuell aktivitet i småbåthamna på nummer 02800.

– Det er interessant om nokon har sett noko dei reagerer på, seier Finne-Jensen.