Kontrollar som Arbeidstilsynet har gjennomført så langt i år syner at det blir leika med livet på norske byggeplassar.
Til saman har Arbeidstilsynet i 2017 hatt 680 tilsyn med arbeid i høgda. 282 er stoppa på grunn av overhengande fare for liv og helse.
– Når vi treff på arbeidstakarar som jobbar i høgda utan å bli sikra, då stoppar vi dei, seier nasjonal koordinator for bygg og anlegg i Arbeidstilsynet, Anne Sørum.
Årleg døyr om lag ti menneske som følgje av ulukker på byggeplassar. Kvart år får Arbeidstilsynet 400 meldingar om alvorleg skade i bygg og anlegg. Mykje skuldast farefullt arbeid høgt over bakken:
– Det er manglande forståing for risiko, det kan vere manglande rekkverk på stillas, stillasgolv som manglar, manglande fallsikringsutstyr og stigar som kan skli, seier Sørum.
Går på kurs for å bli sikrare
Tømrar Frank Rogne har arbeid i entreprenørfirmaet Åsen og Øvrelid i snart 10 år. NRK møter han på kurs for å teste og øve seg på fallsikringsutstyr.
Dag etter dag, år etter år, skal bygningsarbeidarar bevege seg i høgda utan å skade seg, eller miste livet.
– Eg synest vi er veldig flinke til å bruke stillas og sikring i fallsele om naudsynt, seier Rogne.
Men Rogne kan sjå for seg at enkelte slurvar.
– Det kan vere stress når ein får leveransar sint på dag. Ting må av og til skje fort, då kan det vere fort gjort å gløyme seg i ei forkavelse. Men vi har gode rutinar på sikkerheitstustyr.
– Det høyrest mykje ut
Arild Ryland er HMS og kvalitetsleiar i Åsen og Øvrelid. Han har sendt medarbeidarane på kurs i regi av Wurth for å oppfriske kunnskap om fallsikring.
Ryland meiner det er eit høgt tal når 4 av 10 anleggsplassar får stans av Arbeidstilsynet.
– Det høyrest mykje ut. Vi gjer det som er råd for å unngå at folk skadar seg på arbeidsplassen. Vi vil at alle skal kome seg sikkert heim.
Arbeidstilsynet har så langt i år hatt 2 aksjonar med arbeid i høgda. Men lovar at det vil bli fleire.
– Vi håpar at bransjen forstår alvoret slik at vi kan unngå alvorlege fallulukker, seier Anne Sørium.