Det som truleg er tiårets mest spesielle eigedomssal er no inne i sluttfasen. I forrige veke blei dei siste bodrundane gjennomført, men førebels veit ingen kven som får kjøpa dei over 40 bueiningane som er til sals.
Under prisantydning
Etter det NRK Hordaland kjenner til, ligg boda godt under prisantydning. Mange som i dag leiger hjå NSB på Finse har bydd, men det har også kome inn bod på heile bygningsmassen frå eit selskap som finansbrørne Frank Rune og Geir Jarle Dale i Bergen står bak. Dei vil førebels ikkje kommentera planane sine.
Frank Rune Dale seier likevel til NRK at dei har forretningsmessige interesser, men er ingen trussel for nokon på Finse. Ikkje alle er overbevist om det.
- Det konseptet dei tenkjer på vil leggje band på ein god del av dei bygningane som i dag brukast i fritidssamanheng. Sånn sett vil det vera meir ekskluderande enn det vi legg opp til, seier ein bekymra Trygve Norman.
Vil vidareutvikle Finse
Han er ein av tre eigarar i Finse Eiendom, og som også har eigarinteresser i hotellet Finse 1222. Som ein følgje av bodet frå Dale-brørne har også Finse eiendom lagt inn eit samla bod på bygningane. Dei vil vidareutvikla Finse med friluftsliv og kultur, men også tilby fritidsbustadar.
- Vi vil vurdere å selgje enkelte av eiendomane vi ikkje treng til vårt konsept vidare til enkeltpersonar eller andre. Det er også mogleg at vi kan leige ut eiendomar for kortare eller lengre periodar.
Ei innstilling på kven som får kjøpa blir no gjort ferdig, og fredag denne veka tek styret i NSB Eiendom den endelege avgjerda.
NSB-eigendomane på Finse er til sals. Snart fell avgjerda på kven som blir den nye eigaren.