Hopp til innhold

Skriv ikkje ny kontrakt med Brann

Stortalentet Bård Finne har gjeve Brann beskjed om at han ikkje ynskjer å skriva ny kontrakt med klubben. 18-åringen meiner han er moden for nye utfordringar, og vil til utlandet.

Bård Finne jubler

FINNE FORSVINN: Stortalentet vil ikkje signera ny kontrakt med Brann. 18-åringen ynskjer seg nye utfordringar i utlandet.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Ifølgje agenten hans Stig Lillejord er det stor interesse frå klubbar i utlandet.

Bård Finne har gjeve Brann beskjed om at han ikkje ynskjer å skrive under ny kontrakt, skriv TV2 Sporten.

– Bård har landslagskameratar som allereie er etablert i klubbar utanfor Noregs grenser. No tykkjer han tida er inne for å sjølv ta spranget, seier Lillejord til TV 2.

– Vi er ikkje einige

– Vi fekk beskjeden i går kveld, og er ikkje einig i avgjersla hans, seier sportsleg og administrativ ansvarleg i Brann, Rolf Magne Walstad til NRK.no.

Han seier klubben har gjeve Finne eit godt kontraktstilbod.

– Vi må respektera valet hans, men vi meiner han burde halde fram hjå oss og utvikle seg her i Brann, held Walstad fram.

Brann får betalt

18-åringen har 15 ligakampar for Brann, tre av dei frå start. Nyleg deltok Finne i EM-kvalifiseringa for Norges G19-landslag. Han skora to mål på tre kampar.

– Vi har ingenting å utsetje på Brann eller måten klubben har behandla spelaren på. Men tida er moden for nye utfordringar, held Lillejord fram til TV 2.

Han forklarar at om Finne forsvinn i sommar, får Brann meir pengar att enn om spelaren ventar til sesongslutt i haust. Då vert Finne Bosman-spelar.

– Men sjølv som Bosman-spelar vil Bård Finne gi Brann større inntekter enn til dømes salet av Austin til Leeds, meiner Lillejord og seier Brann er sikra 2,5 millionar kroner i utdanningskompensasjon.

Uaktuelt med norsk klubb

Lillejord legg til at det er uaktuelt for Finne å gå til ein anna norsk klubb.

– Du vil aldri sjå Bård Finne spela for ein anna norsk klubb enn Brann, understrekar agenten ovanfor TV 2.

– Det vert opp til han og rådgjevarane å avgjera kvar han skal spela i fortsettelsen. Finne har fått eit godt tilbod frå oss, og fått god tid til å tenke seg om. Han har valt å takke nei, og det er situasjonen slik den er no, avsluttar Walstad til NRK.