Hopp til innhold

Finn ikkje E.coli-kjelde

Ingen veit kvifor 14 born i Norge vart smitta av E-coli bakterien i 2009. Den eine av dei, ein toåring frå Nordfjord døydde på sjukehuset.

Ifølgje avdelingsdirektør Preben Aavitsland i Folkehelseinstituttet er jakta på smittekjelda som å finne nåla i høystakken.

I 2009 tok dei 900 prøvar i heimane til pasientane, men ga til slutt opp.

Aavitsland seier E-coli bakterien er ei gåte i både Norge og utlandet.