Hopp til innhold

Finn ditt parti med valgomaten

Usikker på kva du skal røyste ved lokalvalet 12. september? Valgomaten til NRK kan hjelpe deg til å finne rett parti – i rett kommune.

Valgomat

USIKKER?: Ved hjelp av NRK sin valgomat kan du få hjelp til å finne rett parti i din kommune.

Foto: Fotomontasje

Årets kommune- og fylkestingsval nærmar seg med stormskritt, men for mange kan det vere vanskeleg å velje kva parti røysta skal gå til.

Som ved tidlegare val, ynskjer NRK.no å hjelpe lesarane sine for å finne ut kva parti dei står nærast politisk. I år er valgomaten derimot utforma til å gjelde din kommune.

Prøv NRK sin valgomat her

Årets valgomat ber deg velje kommune og kva parti du trur du vil røyste på. Deretter tek du stilling til ein serie påstandar, både nasjonale og lokale, som til dømes:

  • Det er bra å samle legekontoret i Øvre Årdal
  • Vågsøy må prioritere fleire institusjonsplassar på Kulatoppen
  • Jølster må vurdere samling av dei to ungdomsskulane

Til slutt endar du opp med eit svar på kvar du står i lokale stridsspørsmål.

Viktigaste spørsmåla

Kyrre Nakkim

REDAKTØR: Kyrre Nakkim er politisk redaktør i NRK.

Foto: Emrah Senel / NRK

Dei mange tusen lokale spørsmåla er utarbeidd i samråd med partia sine lokallag i alle landets kommunar.

Det er ikkje meininga at valgomaten skal avgjere kva du skal stemme, men den kan peike deg i rett retning, fortel politisk redaktør i NRK, Kyrre Nakkim.

– Til sjuande og sist er det berre den enkelte som kan avgjere kva som veg tyngst, og det klarer ikkje ein valgomat å gjere. Men den tek føre seg dei viktigaste spørsmåla og områda i valkampen, og vil gje deg ein peikepinn, seier han.

Eitt av spørsmåla i valgomaten.

PÅSTAND: I valgomaten tek du stilling til liknande påstandar for din kommune.

Foto: Skjermdump

Svara blir testa

Det er til saman 429 kommunar i valgomaten. Mosvik og Inderøy kommunar i Nord-Trøndelag slår seg saman frå 1. januar 2012 og held difor val som ein kommune.

Astrid Falck-Ytter

PROSJEKTLEIAR: Astrid Falck-Ytter.

Foto: Gaute Zakariassen / NRK

NRK journalistar over heile landet har sidan i vår jobba med å kartlegge dei lokale stridsspørsmåla i kvar og ein av landets kommunar.

– Vi har lagt inn kva alle parti meiner om dei ulike påstandane, og kor viktig problemstillinga er for dei. Deretter testar vi korleis dei svara lesarane gir stemmer overeins med dei partia som stiller til val i deira kommune, seier prosjektleiar Astrid Falck-Ytter, som har leia utviklinga av valgomaten.

Resultatet når du har svart på 23 politiske spørsmål.

SVAR: Når du har teke stilling til påstandane, får du svar på kvar du står politisk.

Foto: Skjermdump