Hopp til innhold

Finale i Luttprisen 2007

No kan du gi di røyst til finalistane i Luttprisen 2007. Nesten 2500 lyttarar har stemt fram fem finalistar til Luttprisen.

-Heilt fantastisk oppslutnad, seier musikkansvarleg i NRK Sogn og Fjordane, Stein Aase.

 

 

 

Det er andre året på rad at Luttprisen vert delt ut til ein lokal artist eller gruppe frå Sogn og Fjordane. 18 kandidatar er no blitt til fem finalistar.

Frist 17. desember
Vinnaren må ha synt att på ein god måte lokalt, nasjonalt eller internasjonalt. I fjor var det Eva Weel Skram som fekk Luttprisen.

Fram til måndag 17. desember kan du gi di røyst til din favorittfinalist her. Luttprisen vert presentert på julelutt som vert sendt direkte frå Sogndal 21. desember, med fleire lokale artister på scena.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Trine Marie Johansen 

Trine Marie Johansen

Sangtalentet Trine Marie Johansen har vore i studio i Oslo for å starte innspelinga av det som før eller seinare skal bli eit komplett cd-album. Besøket i studioet til Svein Dag Hauge resulterte i songen " No Mercy", som 17-åringen frå Årdal prøvde på fylkestoppen.

Det vart ein suksess med topplassering og ho låg inne dei maksimalt seks vekene ein kan ligge på fylkestoppen.

Alt som åtteåring hadde Trine Marie Johansen sin første opptreden framfor publikum. Eit par år seinare hadde ein nervøs 10-åring den store scenedebuten.

Trine Marie Johansen både syng, spelar gitar, skriv tekstar og komponerar. For seks år sidan vart ho oppdaga av musikklæraren Øyvind Lægreid.

Trine Marie Johansen har så mange jern i elden at ho den siste tida har måtte nedprioritere musikkskrivinga. Skule står i fokus når ho nett no går på united world collage i Wales.
Trine Marie Johansen - No Mercy

Sigrid Moldestad

Håkon Høgemo, Sigrid Moldestad og Einar Mjølsnes
Foto: Jarl Fr. Erichsen / Scanpix

Sigrid Moldestad frå Breim sette i år opp suksessframsyninga Taus. Taus handla om historia til dei kvinnelege spelemennene i Nordfjord på 17- til 1900-talet.

Musikken vart også plate som kom ut for nokre veker sidan, til terningkast fem i VG. Moldestad er framleis inne på Fylkestoppen med visa Samuline som gjekk til topps på fylkeslista i juni.

Sigrid Moldestad er først og fremst kjent frå samarbeidet med honndølen Liv Merete Kroken i gruppa Spindel. Samarbeidet har mellom anna resultert i to cd-utjevelsar, Spindel frå 2001 og Aminje som kom i 2005.
Sigrid Moldestad - Spelemannen

Tonereise

Tonereise arven

Tonereise debuterte i platemarknaden med albumet "Arven" i haust. Musikken er i utgangspunktet tufta på songarven etter folkemusikaren Ragnar Vigdal som døde i 1991.

Sonen Klaus og borneborna Erling og Ragnar er sentrale i gruppa som tek musikken til den kjente tonekunstnaren frå Jostedalen vidare.

Vigdal samla hundredevis av gamle, religiøse folketonar. Sangstilen var svært særmerkt, prega av glidetonar og sløyfer i tonen.

I dag er Klaus Vigdal ein av få som meistrar sangteknikken som gjorde Ragnar Vigdal internasjonalt kjent som tonekunstnar.

I tillegg til tre blad Vigdal er gruppa Tonereise sett saman av medlemer frå bluesbandet Absolute Blues. Arve Lomheim sit bak trommene. Tor Magne Kvamsdal spelar gitar og Asbjørn Handeland trakterar bass, dobro og mandolin. I tillegg har Tonereise alliert seg med gitaristen Knut Reiersrud og sangerinna Rita Eriksen på plata Arven.
Tonereise - Arven

Håvard Lothe

Håvard Lothe
Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Håvard Lothe har vore markant musikkprofil i Sogn og Fjordane dei siste åra. I haust platedebuterte han med det som mange meiner var litt av eit vågestykke. 24-åringen leverte nemleg eksamenskonserten frå Paul McCartney Akademiet heime i Flora. Albumet "Live In Concert" fekk blanda omtale av norske musikkmeldrar, men florøartisten fekk positiv omtale for stemme og stemning.
Håvard Lothe - Beautiful ways

 

Olaug Alvheim 

Olaug Alvheim

Olaug Alvheim har lenge drømt om ei musikalsk pilgrimsreise til Nashville, countrymusikkens Mekka. I sommar gjorde ho alvor av draumen, og vendte heim rik på minner og med eiga plate, Dreams To remember, som er inne i tredje periode på Fylkestoppen.

Sunnfjordkvinna er vokalist i contryrock-bandet Twilight, som i 2005 gav ut albumet "Working Hard", der ho står bak tekst og melodi til fleire av songane.

Heilt sidan ho som lita jente stod framfor speilet heime med hårbørste som mikrofon og var Tanja Tucker har Olaug Alvheim vore over opptatt av countrymusikk . Interesssa vart ikkje mindre då ho fekk møte og spele med den store stjerna for nokre år sidan.
Olaug Alvheim - Dreams to Remember