Hopp til innhold

Dette fekk sponsorane til å bla opp - no skal Asbjørn kjempe mot Svendsen & co

Det nye privatlaget i skiskyting har fått ein pangstart. Dermed får vikjen Asbjørn Wold prøve seg mot dei aller beste.

Asbjørn Wold m. fl. netto i VG

SATSA ALT: I VG i juni ofra dei unge skiskyttarane det meste for å få sponsorar. Det har tydelegvis virka.

– Grunnmuren med hovudsponsorata til Telering Bedrift og Bjørn Dæhlie, og fleire personlege sponsorar til utøvarane er på plass. For å kunne fullføre satsinga, må vi også ha ein namnesponsor, og der går føre seg det konkrete forhandlingar. Eg er trygg på at det ordnar seg, seier marknadsansvarleg Tore Nyborg til VG.

Vil ta medalje i VM 2016

I juni stilte Wold, saman med tre andre skiskyttarar opp over to sider i VG i blanke messingen.

– Vi gjer det i eit forsøk på skaffe sponsorar tillaget vårt, som førebels heiter Team Kollen 2016. Målet er at ein av oss skal ta medalje i VM i Holmenkollen i 2016. Då må vi ha økonomisk støtte for å kunne drive på heiltid, sa Wold til NRK.no då.

No har altså både jobbinga mot sponsorar og stuntet i avisa funka. Privatlandslaget med Asbjørn Wold, Thomas Fenne, Vetle Gurigard og Kristoffer Langøien Skjelvik har base på Lillehammer, og vert trent av Kjartan Helland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Asbjørn Wold på veg gjennom NM-løypene

FIN DRIV: Asbjørn Wold har mange gode plasseringar, men var ikkje heilt nøgd med førre sesong, som var hans første som senior.

Foto: Rune Fossum / NRK

Om vel ei veke, under NM i Rulleskiskyting i Mo i Rana, får dei sjansen til å måle krefter mot dei beste.

– Då får vi ein peikepinn på korleis vi ligg an. Ambisjonane er at vi skal ha éin mann inn blant topp-ti. Det skal vere mogleg for alle på laget, sidan vi er ganske ja, gode, men det blir spennande å sjå om vi får det ut når det gjeld, seier Thomas Fenne til VG.

Vil hamle opp med dei beste

22 år gamle Wold frå Vik og lagkameratane meiner dermed alvor. Dei går på Høgskulen i Lillehammer, og vil satse det som krevst, for å bli skiskyttarar i verdseliten.

Wold hadde sin første sesong som senior i vinter, og var ikkje heilt nøgd med prestasjonane. No håpar han litt annleis trening skal hjelpe han til å ta steget opp blant dei beste.

– Målet er å kunne kjempe mot Svendsen og Tarjei & co, seier Wold.