Filminnspeling stenger tunnel

Også denne veka vil innspeling av katastrofefilmen «Tunnelen» stenge Strynefjellet i periodar. Mellom klokka 8 og 20 må ein bu seg på å vente i opp til ein time av gongen på fjellovergangen, seier Statens vegvesen. Innspelinga på Strynefjellet er ferdig fredag. Neste veke flyttar filmteamet til fv. 55 Høyangertunnelen

Tester ut til innspelinga av filmen tunnelen
Foto: Håvard Heggen / NRK