Hopp til innhold

Filma spektakulære bilete under breen – men ekspert åtvarar

– Ein bør aldri gå inn i holer under breen utan at ein har kunnskap, seier breførar.

UNDER BREEN: Sjå video frå under Folgefonna. Video: Jaroslaw Lazarowicz

– Eg har vore fasinert av isbreen Folgefonna sidan eg flytta til Noreg, og meir nøyaktig til Herand ikkje langt frå, seier Jaroslaw Lazarowicz som har filma videoen.

Han oppdaga holet under breen i fjor, men i år er den blitt større.

Lazarowicz er begeistra over Folgefonna.

– Det er utruleg kor mange ulike naturformar ein kan sjå i dei forskjellige årstidene. Diverre ser eg og kor raskt breen har gått tilbake dei siste åra, og det uroar meg.

Respekt for fonna

Åsmund Bakke jobbar i Folgefonni Breførarlag og har ved fleire høve sett at turistar og nysgjerrige utsett seg sjølv for stor fare på og rundt Folgefonna. Eit problem som er størst om sommaren.

– Det er viktig å ha respekt for isen og fonna. Fotografen her har utsett seg for stor risiko. Taket på denne hola kan rasa kor tid som helst.

– I fjor haust raste taket på ei tilsvarande hola like ved i eit enormt «drønn» som me høyrde langt unna. Det er store krefter i sving, seier breføraren.

Folgefonni Breførarlag

Holet til høgre for personen på biletet rasa i fjor.

Foto: Folgefonni Breførarlag

Må vera forsiktig

Folgefonni Breførarlag har kontakt med Statens naturoppsyn knytt til turistar som oppsøker plassar dei ikkje bør.

Dei mest folkerike områda nær farlege stader ved breen blir sperra av eller det blir sett opp skilt. Men det er umogleg å gjera det over alt.

– Ein bør aldri gå inn i holer under breen utan at ein har kunnskap eller er i lag med lokalkjende breførarar som har kunnskap, seier Bakke.

– Med naudsynt kunnskap og rett utstyr er det å ferdast på Folgefonna noko av det vakraste som finst, men det er ein del usynlege farar som ein må ha kunnskap om for å ferdast trygt, legg han til.

Jaroslaw Lazarowicz

Jaroslaw Lazarowicz har erfaring med isklatring og sjekkar alltid om holene er trygge på førehand.

Foto: Privat

Sjekkar på førehand

Lazarowicz er klar over farane, og sjekkar alltid om holene er trygge på førehand.

– Eg sjekkar om isen er stabil og ikkje har sprekker. Temperaturen må vera under null, og det må ikkje vera sterk vind. Eg er heller ikkje åleine, men ein annan person må stå utanfor for å kunne ringe etter hjelp om det skjer noko.

– Eg har også erfaring og utstyr for isklatring som minimerer risikoen, legg han til.

Folgefonni Breførarlag - Folgefonna

– I fjor haust raste taket på ei tilsvarande hola like ved i eit enormt «drønn» som me høyrde langt unna. Det er store krefter i sving, seier breførar Åsmund Bakke.

Foto: Folgefonni Breførarlag