Hopp til innhold

Faren til Lene vart drapsmann – no viser ho for første gong fram minna om han

Det tok nesten 50 år før Lene Berg kunne fortelje sin versjon av historia om faren sitt fatale drama.

Lene Berg foran Arnljot Bergs teikning av fengselsscene

TEATERSTYKKE: Jobben som festspelkunstnar er ei stor og viktig oppgåve, hø Lene Berg framfor planskissa faren laga til eit teaterstykke han skreiv i fengselet.

Foto: Ingfrid Hole Fossåskaret / NRK

Lene Berg vil ikkje at det skal vere ei sånn «far-og-dotter-utstilling». Men historia hennar er opprørande.

Som festspelkunstnar 2022 har ho fått eit ærefullt oppdrag.

Festspelutstillinga er ein av dei viktigaste samtidskunstutstillingane i Noreg. Jobben vert rekna som det mest prestisjefylte oppdraget ein norsk kunstnar kan få i heimlandet.

Det brukar Lene til å fortelje om far sin gjennom kunsten for første gong.

Historia om faren, Arnljot Berg og «hustrudrapet», skapte store oppslag på syttitalet, men er no nesten gløymt.

Men Lene Berg står ikkje i fare for å bli redusert til «dottera til». Ho kan ta fram denne historia no, når ho sjølv er etablert.

Dette er tema for utstillinga som opnar Festspillene i Bergen 2022. «Fra far» er video- og lydverk, tekstilkunst og installasjonar.

Filmrullar, skuggar. Lene Berg

TIDSMASKIN (GJENGANGERE): På ein stabel filmboksar står ein radio. Frå den høyrer ein Ibsen sitt drama.

Foto: Ingfrid Hole Fossåskaret / NRK

Vi menneske inneheld mykje. Det som var storarta med han, heng kanskje saman med det som var det verste.

Tragedien

Lene Berg skildrar han som ein trygg og nær far, som gir barna god plass. Det betydde mykje for henne.

– Vi lever jo i eit patriarkat. Kvinner som gjer seg gjeldande har ofte hatt ein far som har sett pris på dei, latt dei snakke.

Arnljot var ein slik far. Når Lene snakkar, lyttar han, tar henne på alvor, diskuterer med henne. Lærdom og danning stod høgt på lista.

– Ville eg lære meg noko, kjøpe bøker eller gå på teater, vart det alltid prioritert, sjølv om det stadig var smått med pengar.

Arnljot Berg og Ola Neergaard under en pause i opptakene av spillefilmen «Døden i gatene», Frognerparken 1969.

PAUSE PÅ SETTET: Arnljot Berg (t.h.) og Ola Neergaard under en pause i opptaka av spelefilmen «Døden i gatene», Frognerparken 1969.

Foto: Jan Toreg / Privat

Men Arnljot var også ein som skuffa, som ikkje møtte opp til avtalar.

Så, ein morgon i februar 1975, vert Arnljot Berg funnen stupfull i ein bil på ein parkeringsplass i utkanten av Paris.

Den 27 år gamle kona låg død ved sida av han. Dei hadde vore gift i 10 månader. Berg vert varetektsfengsla for å ha tatt livet av kona si. Det var Lenes stemor, Evelyne Zammit.

Avisside VG februar 1976

Familien i Oslo fekk først vite om drapet gjennom media. Mor til Lene, Mie Berg Simonsen, klaga inn tre aviser til Pressens faglege utval. Ho meinte dei i det minste kunne ha venta med identifisere Arnljot Berg til barna hans var orienterte. Ho fekk ikkje medhald.

Foto: Faksimile / VG

Minnebilete

Den dramatiske hendinga har sjølvsagt prega Lene Berg, men ho trudde historia var unnagjort, ei lukka dør.

Så stod han så klart framfor henne, faren, med sigarettsneipen, ullfrakken og lukta av Old Spice.

Mysteriet Arnljot Berg. Kva slags mann var faren?

Far var ein samansett mann. Liten. Forfengeleg. Veldig morosam. Karismatisk. Det går mange historier om han.

Lene Berg, festspelutstillar
Foto: Ingfrid Hole Fossåskaret / NRK

Minne er interessante fordi dei inneheld både fakta og fiksjon. Det første minnet eg rekonstruerer i utstillinga er truleg ikkje heilt påliteleg, men eg har hatt det så lenge, det har blitt ein del av meg.

Slik Lene hugsar det, vart den sovande Arnljot Berg og den døde Evelyne Zammit funne i ein raud Renault 4 på ein parkeringsplass i ein forstad til Paris.

Dette minnebiletet, rekonstruert i ein kort film med papirkulissar og modellfigurar, opnar utstillinga.

– Eg var ikkje der, men eg hugsar det heilt klart, seier Lenes forteljarstemme i filmen.

Dagen står opp, Lene Berg, 2022. Video, 7 min. FOTO: FILMSTILL

DAGEN STÅR OPP av Lene Berg. Video som opnar utstillinga Fra Far

Foto: Lene Berg / Filmstill

Hemmelegstempla i 100 år

Forhøyrsloggen og alt materialet frå politiet frå den tida faren vart pågripen, vart hemmelegstempla i 100 år.

– Eg veit enno ikkje kvifor. Det vi veit, er det avisene skreiv, og det vi i familien hugsar.

– «Eg går på psykofarmakum» var noko av det første han sa då han var pågripen.

Ifølgje VG forklarte Arnljot at han og Evelyne hadde vore ute på byen på og feira suksessen med ein av Arnljot sine filmar.

Det var god stemning heilt til Evelyne sa ting som irriterte Arnljot.

Konflikten eskalerte utover kvelden. BT skreiv: «Berg har overfor politiet medgitt at han slo sin kone under en trette etter at ekteparet måndag kveld besøkte en rekke barar og nattklubbar i Paris.»

Lene Berg. Evelyne

MONUMENT OVER EVELYNE: Minne om den drepne Evelyne, i tekstil. Identitetskort, medlemskort i det franske kommunistpartiet, postkort ho skreiv til ungane til Lene og søskena broren.

Foto: Ingfrid Hole FOssåskaret / NRK

Støtte frå Gerhardsen

– På den tida var det stor aksept for, ja nesten forventa at ein mannleg kunstnar skulle vere deprimert og alkoholisert. Og at noko av djupna hans liksom låg i dette.

Arnljot Berg var innlagd på psykiatrisk sjukehus fleire gongar, allereie frå tidleg i livet.

Mente ikke å drepe henne

Avisene skreiv mykje om saka medan Arnljot Berg sat i varetekt og venta på rettssak.

Foto: Faksimile / VG

Arnljot sjølv skreiv boka Fengsel, som vert gitt ut på nytt i samband med utstillinga.

– Han fekk mykje støtte. Det var mange som hadde eit sterkt forhold til han. Fleire skreiv brev til forsvarsadvokaten hans for å hjelpe. Mellom dei var Einar Gerhardsen og Thorvald Stoltenberg.

Mest spesielt var kanskje at svigerfaren, den drepne Evelynes far, vitna fordelaktig om Arnljot.

Tiltale A. Berg

BT OM TILTALEN: Uventa streng.

Foto: Faksimile / BT

Minne og monument

Kunstnaren Lene Berg likar det teatrale.

No for tida skal alt vere så autentisk og ekte, men vi gløymer leiken. Vi må også kunne leike oss med roller, ulike identitetar.

Ho snakkar fort og sakleg om utstillinga. Ho fortel om breva ho fekk frå faren i fengselet. Han skreiv med blokkbokstavar og fargekodar for at det skulle vere lett å lese.

Ho blir litt blank i auga. Den saklege tonen er kanskje nødvendig.

Bror min, Marius, les breva far skreiv. Stemma hans liknar jo stemma til Arnljot. No er han eldre enn far nokon gong blei.

.

Lene Bergs festspelutstilling: Teikningane til Marius Berg

TIL FAR: Teikningar til Arnljot i fengsel frå Lene Bergs bror Marius Berg, er del av utstillinga, forstørra opp på tekstil.

Foto: Renate Molvik / NRK

I lydverket Fortellinger om Arnljot intervjuar Lene dei som kjente Arnljot.

– Det var alltid eit eksplosjonspotensiale som låg i lufta, seier barndomsvenen Emil Bruusgaard.

Arnljot lagde mange scener.

'Forsvinningen'

Løftar ein røyret høyrer ein vaksne Lenes stemme lese eit brev til Arnljot

Grå telefon. Lene Berg, Fra Far

'Casting Arnljot'

Fire skodespelarar gir Arnljot Berg kropp og stemme på kvar sin måte

Casting Arnljot, med Thorbjøn Harr, Kyrre Hellum, Petter Width Kristiansen, Eivin Nilsen Salthe

'Fars laken'

Skildringar og 'diagnosar' av Arnljot Berg som Lene har brodert på lakenet

Lene Berg: Fra Far. Broderi på madrass

'Køyesengen'

Lene Berg har prøvd å rekonstruere samtalane ho hadde med mora den første tida faren sat i fengsel.

Lene Berg: fra Far

– Dei samme spørsmåla kvar kveld. Det er slik eg hugsar det, seier Lene.

Køyesengen, tekstpanel. Lene Berg

Historieforteljing og fiksjon finst ikkje berre i kunsten. Kan ein framstille noko slik det eigentleg hende?

Axel Wieder, sjef for Bergen Kunsthall

INTERESSERT MEG LENGE: – – Lene Berg lagar filmar og kunst som stiller spørsmål ved bilete, ved framstilling av fakta, og ved nyheits- og dokumentarsjangeren, seier Axel Wieder, leiaren ved Bergen Kunsthall.

Foto: Ingfrid Hole Fossåskaret / NRK

Låste historia om seg sjølv

Kva er skilnaden på å bearbeide eit slikt traume i kunst, og å bearbeide det i terapi?

– Eg veit ikkje, for eg har aldri gått i terapi. Kanskje fordi faren min gjekk i terapi i heile sitt vaksne liv utan at eg såg at det hjelpte han noko særleg. Bortsett frå sovemedisinane og dei roande medikamenta han fekk.

Lene Berg: Lukket avdeling. Filmremser

FILMSPØKELSE: Eitt av romma i utstillinga inneheld samanfletta filmrullar frå Arnljot Bergs filmar, opphengt i taket, med endane i vaser på golvet. Lene Bergs søster, vevar Merete Berg Toreg, har vove dei.

Foto: Ingfrid Hole Fossåskaret / NRK

Den historia han fortalde om seg sjølv då han vart innlagd første gong som tjueåring, den heldt han på. For meg såg det ut som han låste historia om seg sjølv altfor tidleg.

Psykiatrane og psykologane bidrog til det, trur ho.

Difor er eg veldig interessert i ulike måtar å fortelje historier på. Nokre fakta ligg der, sjølvsagt, men det finst ulike måtar å leggje dei fram på.

Mente ikke å drepe henne

Avisene skreiv mykje om saka medan Arnljot Berg sat i varetekt og venta på rettssak.

Foto: Faksimile / VG

Tilbake til Noreg

I rettssaka vart han kjend skuldig i kroppsskade med døden til følge, og straffa vart fem års fengsel. Fire av desse på vilkår.

Sidan Arnljot Berg hadde sete femten månader i varetekt, slapp han ut etter rettssaka.

Arnljot Berg fri mann

FRI: Arnljot Berg kom tilbake til Noreg då han slapp fri. Han jobba ei tid i NRK i Torolf Elsters tid som kringkastingssjef. I 1982 blei han dosent i film ved Universitetet i Trondheim (no NTNU).

Foto: Faksimile / VG

Den 9. desember 1982 blei Arnljot Berg meldt sakna frå et sjukehus i Oslo. I januar 1983 vart han funnen død ved Tryvannstårnet. Då var Lene 17 år.

– Viss han hadde stått framfor deg no, kva ville du spurt han om?

– Eg ville spurt kva han tenkjer om utstillinga! Men viss han hadde levd, hadde eg jo ikkje laga denne utstillinga, truleg ville eg ikkje jobba med film eingong.

Lene Berg, festspelkunstnar FiB, intervjua av Marion Hestholm

KREATIV: Arnljot Berg skreiv bok og teaterstykke i fengselet. På festspelutstillinga finn vi ei planskisse til teaterstykket.

Foto: Ingfrid Hole Fossåskaret / NRK

Hei!

Takk for at du las! Eg jobbar med musikk- og kulturstoff for nett og radio. Tips meg gjerne! Tidlegare har eg m.a. skrive om pendlande kulturtoppar og nordmenns syn på kultur vs. status