Hopp til innhold

Festivalane taper hundrevis av millionar medan dei ventar på svar frå regjeringa

Medan festivalane ventar på ei avgjerd frå regjeringa, renn millionar ut av dørene.

Arnt-Ivar Naustdal

UROA: Mykje står på spel dersom regjeringa ikkje kjem med ei avgjerd innan april er omme. – Mange må truleg legge ned, seier festivalsjef for Malakoff Rockfestival, Arnt Ivar Naustdal.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK SOGN OG FJORDANE

– For kvar einaste dag som går utan eit svar, forsvinn fleire titals millionar ut av denne bransjen, seier leiar Tone Østerdal i Norske Konsertarrangørar (NKA).

I påska vart det klart at regjeringa avlyser idrettsarrangement og festivalar fram til 15. juni. Avgjerda om kva som skal skje etter det er lagt til første veka i mai.

I mellomtida må festivalar ut med store summar i førehandsbetalingar, mellom anna til artistar i utlandet. No vil de ha ei avklaring.

– Akkurat no lever me litt i limboland, seier festivalsjef for Øya, Tonje Kaada.

Trofast publikum i regnet på Øyafestivalen

REGNTUNGT: Trufaste publikum i regnvêret på Øyafestivalen i fjor. I år er det lite truleg at festivalen går av stabelen.

Foto: Gry Elise Jacobsen

Millionar i vasken

Blant dei som ventar på signal er Malakoff Rockfestival i Nordfjordeid. Dersom festivalen ikkje får svar innan 1. mai, må dei ut med mange millionar i førehandsbetaling, pengar dei truleg ikkje får sjå igjen.

– Man skal jo betale utanlandske artistar 50 prosent på førehand. Dess lengre tid det tar med ein avklaring no, jo meir pengar vil me også tape. Av juridiske årsaker torer me ikkje avlyse før myndigheitene seier noko, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Større festivalar, som Over Oslo og Bergensfest har allereie vorte avlyst. Men for festivalane som kjem seinare på sommaren er uvissa stor. No ventar Palmesus i Kristiansand også på svar.

– Ein tydeleg beskjed frå regjeringa er heilt avgjerande, både for oss og andre festivalar. Det er også viktig med ein rask avklaring på kva tiltak som blir sette i verk for å bøte på konsekvensane, seier festivalsjef Leif Fosselie.

– For mange vert dette eit spørsmål om å vere eller ikkje vere.

Leif Fosselie

VIKTIG: – Ein rask avklaring er heilt avgjerande, seier festivalsjefen for Palmesus, Leif Fosselie. Her frå nokre lysare dagar.

Foto: Janne Aateigen / NRK

Kravde svar frå kulturministeren

Tone Østerdal i Norske Konsertarrangørar (NKA) har denne veka vore i kontakt med kulturminister Abid Raja (V). Der etterlyste ho ein avklaring.

– Hundrevis av millionar står på spel akkurat no, seier ho.

Ho set si lit til at regjeringa tek ansvar og kjem med ein ny avgjerd tidlegare enn først annonsert.

– Våre medlemmar har meldt inn tapte inntekter på 2,8 milliardar frå mai til september, og dette er allereie ein bransje som har relativt små økonomiske marginar frå før.

Vil gje eit svar

Til NRK seier kulturminister Abid Raja at han vil kome med eit svar tidlegare enn først planlagt.

– Aktørane treng å vita korleis sommaren blir og ønsker ei avgjerd frå regjeringa. Me skal difor prøve å få dette til seinast innan utgangen av april, seier han.

Abid Raja

LOVNAD: Abid Raja varslar eit raskare svar til arrangørane om kor vidt festival-sommaren i Noreg vert avlyst eller ikkje.

Foto: Heiko Junge