Hopp til innhold

Fullt på Fresn – måtte avvise folk i grinda

– Dette har vi aldri opplevd før, så vi måtte finne ut kva vi skal gjere, humrar Gunnar Husabø etter den første utselde Fres Festivalen i Fresvik.

På programmet stod artistar som Datarock, Bombeklüchter, DJ Ralph Myerz, NRWY, Stein Torleif Bjella, Thulsa Doom og Tyyl.

Dette ville publikum høyre. Med 900 selde dags- og festivalpass, og over 2700 besøkjande i løpet av helga, måtte folk avvisast i grinda.

– Slik er det å vere utselde, men det er ikkje kjekt å avvise folk. Det var berre å oppmode dei om å komme tidlegare neste år, seier Gunnar Husabø.

Trivast med å vere liten

På det meste var det 800 samstundes inne på konsertområdet i Fresvik. Med andre ord er ikkje Fresn av dei største festivalane i landet. Men det er dei godt nøgde med.

For det første er det så som så med areal til å kunne utvide festivalcampen.

– Om ikkje alle kjenner alle, så er det mange som kjenner mange. Det er flott og noko vi ynskjer å behalde. Samstundes har det med våre naturlege grenser. Med 800 inne på same tid, så var det fullt, seier Husabø.

Uvisst til neste år

Til neste år vil festivalen feire ti år. Dersom den blir arrangert. Husabø fortel om ni kjekke arrangement som starta med ein vennegjeng og 40 artistar, som også var publikumarar.

Sidan har både publikumarar og artistar kome att år etter år på den «passeleg store festivalen».

– Det har vore moro. Det er difor vi har drive på med det desse åra. Målet vårt er ikkje å tene pengar, å gå i null er det ideelle. For oss har festivalen vore noko moro som vi har vald å drive på hobbybasis i ferien, seier han.

– Korleis vil de markere tiårsjubileet?

– Ja, no veit no vi ikkje om det blir festival til neste år. Vi driver ikkje med langsiktige mål, men frå år til år. No skal vi ta oss nokre månader for å få orden på rekneskapen og skrive rapportar, rydde og roe oss ned. Så får vi sjå.