Hopp til innhold

Faraoen sine truser i Bergen

Tutankhamon sine klede blir stilt ut i Bergen. Kan faraoen si forbanning skjule seg blant tekstilane?

Faraoen si festdrakt

Museumspedagog Knut Høiaas og museumsformidlar Espen Kutschera saman med eit av Tutankhamon sine festplagg.

Foto: Rebecca Nedregotten Strand / NRK

Blant idylliske trehus i Bergen sentrum kan det skjule seg ei 3000 år gamal forbanning.

Fara som lurer vart fødd i Egypt ca 1300 år f.Kr. 19 år gamal døydde Tutankhamon.

Grava til faraoen vart funnen i 1933, sju år etter var 11 av dei som fann den døde.

No blir garderoba hans stilt ut på Bryggens Museum, både kvardagsklede og festantrekk.

Faraoen var forfengelig

Faraoen sitt hovudplagg

Foto: Rebecca Nedregotten Strand / NRK

– Her blir ein både kjent med den offentlege og den private faraoen, seier Sigurd Sandmo.

Sandmo er utstillingsleiar ved Bymuseet i Bergen og kan mellom anna vise fram Tutankhamon sine truser.

– Det fanst 145 av dei i grava, smiler han.

Det er ikkje snakk om truser etter dagens standard, men lendeklede i lin.

Alle plagga er rekonstruksjonar av tekstilar frå gravfunnet. Det tok tekstilmuseet i Borås i Sverige 5 år å gjenskape dei.

– Perletunikaene er dei mest prangande plagga, seier museumsformidlar Espen Kutschera.

Dei er broderte med perler og gull, og er blant plagga som minner mest om dei meir kjende overdådige funna frå faraoen si grav.

Tunikaene var så tunge og skjøre at originala i dag nærast er øydelagde.

– Når desse no er rekonstruerte så finnest dei berre ein stad i heile verda, og det er her, seier Sigurd Sandmo.

Faraoen si forbanning

Det er mange mytar knytt til Tutankhamon. Ei av desse er at ein risikerer å bli ramma av faraoen si forbanning dersom ein kjem for nær inn på historia hans.

Perletunika

Perletunika

Foto: Rebecca Nedregotten Strand / NRK

– Vi er på vakt, smiler Sandmo, og sjekkar at ikkje kjæledyra våre viser teikn til sjukdom.

Lord Carnarvon betalte for ekspedisjonen som fann faraoen si grav, i samband med det skal hunden hans Sussi ha døydd på uforklarleg vis.

Ein som veit alt om forbanninga, men ikkje er redd, er tolv år gamle Aleksander Stensvik Volden. Han hadde Tutankhamon som tema då han gjekk til topps i Kvitt eller Dobbelt tidlegare i år.

No kjem han til Bergen for å opne utstillinga av faraoen si garderobe, i tillegg skal han halde eit foredrag.