Hopp til innhold

Ferskt Frp-lag i full oppløysing: – Vil ikkje la ein svindlar representera meg

ODDA (NRK): Lokallaget til Ullensvang Frp blei stifta for berre sju månader sidan. No har tre styremedlemmer trekt seg – i protest mot sin eigen kommunestyrerepresentant.

Audun Tveito og Stian Torvund Arefjord, eks-Ullensvang Frp

UT AV STYRET: Audun Tveito (t.v.) og Stian Torvund Arefjord trekker seg frå styret til Ullensvang Frp i protest mot Finn Hagen.

Foto: Tale Hauso / NRK

Det har oppstått full splitting i Ullensvang Frp etter at partiet sin einaste innvalde representant i det nye kommunestyret, Finn Hagen, har bestemt seg for ikkje å søkja fritak frå plassen sin.

To veker før kommunevalet fortalde NRK at toppkandidat og lokallagsleiar Hagen fleire gongar var straffa for økonomisk kriminalitet. Han er også dømd for vald mot sin tidlegare sambuar.

Hagen hadde ikkje opplyst Frp om dommane før han fekk topplassen på lista.

«Jeg vil aldri la meg representere av en svindler og voldsmann», skriv nestleiar Audun Tveito i ein lengre tekst han har sendt NRK om situasjonen i Ullensvang.

Der skriv han at han trekker seg frå styret i lokallaget. Det same gjer kasserar Stian Torvund Arefjord og medlem Oddbjørn Snippen.

– Eg trekker meg på grunn av Finn Hagen. Han gjekk ut og sa at han hadde trekt seg frå alle verv, og etter valet slo han heilt om og nekta å gjera det, seier Arefjord, då NRK måndag møter han og Tveito på Eitrheim i Odda.

– Løgn og svik

Etter avsløringa før valet trekte Hagen seg frå styret i Ullensvang Frp, og bad veljarane heller stemma inn andre kandidatar på lista. Men Hagen vart stemt inn.

Nestleiar Tveito uttalte imidlertid til NRK at «etter ønske frå Finn, og med støtte frå oss, vil det bli sendt søknad om fristilling frå vervet».

Men no har Hagen likevel bestemt seg for å sitta i kommunestyret.

– Er grunnen at du føler deg forplikta etter kommunevalet, eller at du vil det sjølv?

– Begge delar. Det er folkets vilje og eg ønsker det, seier Hagen til NRK.

Tveito hevdar Hagen hadde bestemt seg for å søka fritak, men skifta meining.

– Då søknaden var klar til underskriving, viste det seg at han hadde snudd 180 gradar og ombestemt seg, seier Tveito, som omtalar den påståtte snuoperasjonen som «løgn» og «svik».

Det nektar Hagen for.

– Det er ikkje riktig. Eg har aldri sagt at eg tenkte å søka fritak, seier han.

Hagen vil ikkje kommentera Tveito sine utsegn om svindel, vald, løgn og svik.

Finn Hagen, Trolltunga Guesthouse

AVVISER SKULDINGANE: – Eg har aldri sagt at eg tenkte å søka fritak, seier Finn Hagen.

Foto: Tale Hauso / NRK

Berre éin att i styret

Hagen har altså tidlegare trekt seg frå styret i Ullensvang Frp.

No sit berre andrekandidat Marianne Solheim att av dei fem styremedlemmene som vart valde då det nye lokallaget blei stifta så seint som i mars i år.

Solheim har ikkje svart NRK måndag. Ifølgje Tveito vurderer også ho å trekka seg frå styret.

Fylkeslaget: – Lovleg folkevald

Tveito seier dei har kontakta fylkesleiinga i Frp med sikte på å få Hagen ekskludert frå partiet, men fekk negativt svar.

Fylkesleiar i Vestland Frp, Gustav Bahus, påpeiker at Hagen er lovleg folkevald.

– Det er enkle og ganske strenge reglar for korleis du kan søka fritak frå kommunestyret. Ut over det kommenterer eg ikkje interne forhold i partiet, seier Bahus.

– Er de nøgde med å ha ein representant i kommunestyret i Ullensvang?

– Ja, me er veldig nøgde. Det er veldig flott at me er representert der. Det har vore eit sakn, seier Bahus.