Hopp til innhold

Ferske bjørnespor?

Jegerane som i dag er på jakt etter bjørnen i Jostedalen kan ha funne ferske spor på snøen ved fjellet Grånåsi.

Den stipla linja syner ruta bjørnen gjekk.
Foto: Arne Eithun / NRK

Einar Hesjevoll
Foto: Arne Eithun / NRK

- Det er heilt tydleg at det har gått eit stort dyr her, seier fjelloppsynsmann Einar Fortun.

I ei dalside over strandafjellet i jostedalen, der fleire sauekadaver vart funne i går, ser ein med kikkert ei tydleg samanhengane stripe av spor. Det kan vere hjort, men Fortun seier det like godt kan vere bjørnen.

- Han kan anten ha kome ned denne vegen på si vandring austover, eller han kan ha gått opp dette fjellet viss han er på veg innover i fylket igjen, seier Fortun, og peikar på at det frå Grånåsi er kort avstand til Jostedalsbreen.

Bjørnespor
Foto: Arne Eithun / NRK

Sauebonde Einar Hesjevoll såg i går kveld dei same spora. Han vart oppmoda frå Statens Naturoppsyn om å sjekke dette nærmare i dag. Difor er det enno for tidleg å seie noko sikkert om bjørnen si vandring i Jostedalen.