Hopp til innhold

Ferjetrøbbel for andre gang

Søndag morgon fekk Tide problem med ferga «MF Bømlo» som går på strekninga Leirvåg - Sløvåg - Skipavik.

MF Bømlo

MF Bømlo

Foto: Picasa 2.7

- Noko er feil med styremaskinen, seier driftsvakt Jonny Vassetrem i Tide til bt.no.

Skyssbåt

Frå klokka 07.20 sette Tide inn ein skyssbåt som fraktar passasjerar over Fensfjorden. For bilar er det omkøyring via Duesund - Masfjordnes. Men det gjeld ikkje dei som skal til og frå Skipavik. Der er det berre passasjerbåten som er alternativet.

Reserveferje frå klokka 18

Mekanikar er på ferja for å reparere problemet. Men det tek så lang tid å få ordna, at «MF Odda» er teke ut av sambandet Ranavik - Skjersholmane for å avlaste «MF Bømlo». «MF Odda» er på plass i Fensfjorden først i 18-tida søndag kveld.

- Vi håpar at «MF Bømlo» er reparert i løpet av måndagen, seier Vassetrem.

Problem tidlegare i veka

Også tidlegare i veka hadde Tide problem med sambandet. Onsdag kveld fekk ferja motortrøbbel, og var ikkje i drift att før klokka 14 torsdag. Innbyggjarane på Byrknes syntes då at det ikkje var haldbart .