Hopp til innhold

Ferjeprisen skaut i vêret over natta

Ferjebilletten blei dyrare på det vesle ferjesambandet. No spør øybuarane om det er dei som skal dekke inn underskotet til heile Vestland.

Ferje til Atløy

LIVSNERVE: Folk på Atløy er avhengige av ferja for å komme seg på jobb eller til legetime. Endringa til fylkespolitikarane får utslag på lommeboka til dei vel 500 innbyggarane på øya.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Oppdatert 4. juni kl. 22.05: Fjord1 opplyste om feil pris på nettsidene sine for ferjesambandet mellom Askvoll og Gjervik. Nettsaka er oppdatert med rett billettpris.

Ferjepassasjerane fekk sjokk då dei sveiva ned ruta for å betale for turen mellom Atløy og Askvoll denne veka. Spesielt surt blei det for lommeboka.

Frå og betale 66 kroner for å ta med seg bil over fjorden, har prisen auka til 127 kroner for den 10 minutt lange ferjeturen. Det var Firda som først melde saka.

– Prishoppet er ein stor trussel for oss, seier leiaren i Atløy vel, Bjørn Arne Mjåseth.

– Nedbygging av distrikta

Ferja er livsnerven for folk på Atløy. Innbyggjarane er avhengige av ho for å komme seg på alt frå jobb til legetime.

– Ferjeprisen er ikkje ein magnet for å få tilflyttarar. Dette er ei nedbygging, meiner Mjåseth.

Også fleire andre stadar i Vestland har prisen på ferjebilletten gjort eit solid hopp. Leiaren i Atløy vel kallar det for ei nedbygging av distrikta.

– Må sikre inntektene

Prisen har auka over natta etter at fylkestinget i Vestland bestemte seg for å endre takstsonene frå 1. juni. Alle fylkesvegsambanda i Vestland ligg no i nye soner.

– Fylkestinget har bestemt at vi skal ta i bruk AutoPASS-regulativet for ferjetakstar som permanent løysing så snart som mogleg. Bakgrunnen for endringa er å sikre ferjeinntektene i ein situasjon der ein ikkje kan ta betaling frå passasjerar, forklarar Målfrid Vik Sønstebø, som er direktør i Skyss og Kringom.

Meiner dei tar rekninga

Ferja mellom Askvoll og Gjervik på Atløy gjekk frå sone 3 til sone 8, noko som gjorde at prisen nær dobla seg.

Mjåseth meiner det er ferjepassasjerane som no tar delar av rekninga for millionunderskotet til Vestland fylkeskommune.

– Det kan ikkje vere sånn at det vesle sambandet vårt skal finansiere delar av underskotet i Vestland, seier Mjåseth.

Ferje til Atløy

DYRARE: Ferjeturen har blitt dyrare for dei som skal mellom Atløy og Askvoll.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Samstundes som fylkestinget vedtok å endra takstane, vedtok dei også å reversere den mellombelse prisreduksjonen som Statens vegvesen sette i verk som del av krisepakka knytt til korona frå 1. april.

– Det er ikkje korrekt at prisen vert dobla for nokon reisande samanlikna med normalt prisnivå. Prisreduksjonen på 20 prosent var i alle høve meint som ei førebels løysing, men vi forstår at det verkar som ei ekstra stor auke når begge endringane kjem samstundes, seier Sønstebø.