Hopp til innhold

– Dette er ferjene sin Toyota Prius

Fjord1 tenkjer nytt i konkurransen om å få kontrakten om å drive ferjesambandet på E39 mellom Lavik og Oppedal.

Fjord1 sitt forslag til ny ferge på Lavik-Oppedal-sambandet
Foto: Multi Maritime

Det er Teknisk Ukeblad som skriv dette.

Då eit nytt anbod for ferjesambandet på E39 mellom Lavik og Oppedal blei utlyst i fjor, låg det i anbodet at det skulle konkurrerast om ein utviklingskontrakt. Fire har sendt inn tilbod, det er Fjord1, Norled, Noreal og Torghatten.

– Som ein avansert hybridbil

Fjord1-ferja baserer seg på ein gass-elektrisk driven motor, som blir kombinert med oppladbare batteri, solcellepanel og vinddrift.

For dei som ikkje er heilt stødig i kva dette vil seie, kan det samanliknast med at den er som ein avansert hybridbil.

– Det er ei ferje som har ein gassmotor, slik som ei vanleg gassferje. I tillegg har den batteri, slik at den ladar ved land, og so har den to Flettner-rotorar, seier Gjermund Johannesen, prosjektutviklar i Multi Maritime, som har designa ferja.

– Det er veldig spennande at Vegvesenet brukar anledningen til å få fram nye, miljøvennlige løysingar, seier direktør Arnstein Eknes i Det Norske Veritas, avdeling for nye skipstypar, til Teknisk Ukeblad.

«Bend it like Beckham»

Ein Flettner-rotor er dei høge stolpane du ser på biletet. Dei har ein elektromotor som roterer dei rundt, og på den måten skaper den ei trekkraft framover. Det blir det same prinsippet som når du skrur ein fotball; ein får kraft i den retninga den roterer.

Hybridferga
Foto: Multi Maritime

– Det er veldig ideelt i ein fjord, der det er fjordvindar som går på tvers av ferja. Då vil ferja i praksis få kraft i den retninga me vil, seier Johannesen.

– Om vinden er sterk nok, vil den kunne segla utan motorkraft, berre på energien og krafta den får frå rotorane. Då vil den også kunne produsere energi som blir til overs, som kan lagrast og nyttast seinare.

– All teknologi me skisserer for ferja er eller blir tilgjengeleg slik at me kan starta bygging slik at me rekk å ha den ferdig til den skal i bruk, i henhold til kontrakten, sier teknisk sjef i Fjord1, Stig Førde, til Teknisk Ukeblad.

«Det er ferjene sin Toyota Prius», seier Johannesen.

Å produsere denne ferja er 25 til 30 prosent dyrare enn ei tradisjonell dieselferje. Økonomisk vil den ikkje kunne konkurrere med ei vanleg dieselferje på ein 10-årsperiode, men på lengre sikt vil det vera økonomisk tenleg.