Ferjebrann i Bømlo

Ei ferje som ligg i dokk ved Rubbestadneset på Bømlo står i brann. Det er mykje røyk på staden og politiet ber folk halde seg innandørs, og lukke dører og vindauger. – Vi har ikkje kontroll på brannen og arbeider på spreng, seier operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt.