Hopp til innhold

Ferje gjekk på grunn og øydela roret – mannskapet kan bli straffa av reiarlaget

– Båten skulle kanskje i utgangspunktet aldri ha vore i det farvatnet, seier leiaren for reiarlaget som eig MF «Gjemnes». No kan mannskapet vente seg eit internt oppgjer.

Ei ferje støtte på grunn ved Bjelkarøy sør for Flesland.

GJEKK PÅ GRUNN: MF «Gjemnes» støtte på grunn ved Bjelkarøy natt til laurdag.

Foto: Bjørg Hovland / NRK

Det var klokka 02.30 natt til laurdag at Hovudredningssentralen fekk melding om at ei ferje hadde støtt på grunn ved Bjelkarøy sør for Flesland.

MF «Gjemnes» var på veg til Rubbestadneset for vedlikehald då den køyrde på eit skjær.

Sju personar, alle mannskap på ferja, var om bord då MF «Gjemnes» grunnstøtte.

– Uklart kva som har skjedd

Vestlandske AS eig halvparten av ferja, og dagleg leiar Øystein Meek fortel at dei ikkje har oversikt over kva som har skjedd enno.

– Vi har akkurat kome om bord og prøver å danne oss eit bilete over eventuelle skader.

Han fortel at dei ikkje har gjort nokre avhøyr enno.

– Vi konsentrerer oss om å berge båten i første omgang, og så vil vi avlegge ein rapport til myndigheitene når all informasjon er på plass, seier han.

Bukken

Ingen skadde

Totalt sju personar var om bord då ferja støtte på grunn, men ingen av desse vart skadde.

– Ferja har ingen store skadar, fortel Asbjørn Viste i Hovudredningssentralen.

No må vatnet stige før dei kan gjere noko meir.

– Vi ventar på flo sjø slik at vi kan berge ferja, opplyser Viste.

Flo er venta ca. klokka 14.00 i ettermiddag.

MF Gjemnes har gått på sambandet Kaupanger-Gudvangen i sommar.

Politibåten rykte ut

Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Terje Magnussen, seier at politibåten rykte ut til staden og at skipperen måtte ta blåsetest.

– Det er ikkje mistanke om promillekøyring, fortel han.

Ferge på grunn

KLART TIL SLEP: I 13.30-tida er ein slepebåt kome til for å berge ferja som gjekk på grunn utanfor Flesland natt til laurdag.

Foto: Bjørg Hovland / NRK

Roret blei skada

Båten blei tatt av grunna i 14-tida, og kunne køyre til Rubbestadneset for eigen maskin.

Laurdag kveld fortel dagleg leiar i reiarlaget, Øystein Meek, at dei har gjort grundige tekniske undersøkingar, og konkludert med at roret er skada, medan propellen har gått klar.

– Det har heller ikkje vore nokre lekkasjar eller utslepp. Vi kan konstatere at vi har vore svært heldige. Dette kunne jo blitt langt meir alvorleg, vi var også heldige som ikkje øydela propellen, seier Meek etter å ha vore om bord i båten og snakka med mannskapet.

Kan bli straffa for feilnavigering

Vestlandske-sjefen fortel at det var feilnavigering som førte til grunnstøytinga i sundet Bukken. Han seier det var fleire uheldige omstende som førte til uhellet.

– Båten skulle kanskje i utgangspunktet aldri ha vore i det farvatnet. Fartøyet har køyrt i same leia tidlegare, og det er mange båtar som gjer det, men då kanskje i fint vêr, seier Meek.

I sundet gjekk båten på feil side av staken som markerer kva side ein skal halde seg på, utan at Meek har fått noko god forklaring på korleis det kunne skje.

– Vakthavande navigatør har innrømma at han feilvurderte situasjonen. Det har rett og slett vore ein god gammaldags feilnavigering, seier Meek.

Han varslar at hendinga kan få konsekvensar for nokre av dei som var om bord.

– Vi har ikkje tatt stilling til om vi gjer noko i høve til kapteinen og overstyrmannen enno, det tek vi når alt har roa seg. Eg trur ikkje det blir snakk om nokre bøter frå myndigheitene, men det er mogeleg bli eit internt oppgjer, seier Meek.