Hopp til innhold

Ferja brukte tre gonger så lang tid

Reisande på ferjesambande Mannheller - Fodnes fekk torsdag morgon ekstra lang reisetid over Sognefjorden.

Mannheller ferjeleie like over midnatt

KRAFTIG VIND: Det var ikkje bølgjene på Sognefjorden som skapte problem for MF «Årdal», men kraftig vind.

Foto: Ingvar Torsvik Myrvollen

Grunna kraftig vind måtte MF «Årdal» leggje til kai i Lærdal, framfor Fodnes. Sambandet vil venteleg vere oppe og gå att frå klokka 0750.

Frå ferja fekk NRK.no fekk opplyst at vinden har ligge jamt på kring 20 sekundmeter. På det verste bikka den 30 sekundmeter.

– Det er så pass kraftig vind at vi ikkje treng prøve å leggje til kai ved Fodnes. Vi har gjort to forsøk i natt, seinast for ein time sidan, men vi blir berre blåst vekk frå kaien. Ferja har så stor flate at den fungerer som eit segl, opplyste ein av ferjemannskapet.

MF Årdal

SEGL: MF «Årdal» har så stor vindfang at den vart blåst vekk frå kaien ved Fodnes.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Ferja plar vanlegvis bruke 15 minuttar på å krysse Sognefjorden. Når ferja må gå til Lærdal tek det langt lengre tid.

– Kor mykje lengre reisetid kan reisande pårekne seg?

– Det går 30 minuttar frå Mannheller til Lærdal, men 45 minuttar på returen grunna motvind, får NRK.no opplyst.

– Kor lenge reknar de med å måtte gå til Lærdal?

– No går vi 0715 til Lærdal, så får vi sjå.

Frå Gjøa blir NRK.no fortalt NRK har også fått epost frå arbeidarar på Gjøa som fortel om nordvestleg vind på 50 knop, samt 11 meter høge bølgjer.