Hopp til innhold

Ferje på grunn på Fure

Ferja Eid har køyrt på grunn ved Fure kai i Fjaler. – Eg trudde vi køyrde rett i kaia, seier passasjer Vigdis Løberg.

Ferja Eid grunnstøytte ved kaien på Fure.

PÅ GRUNN: Ferja med 11 passasjerar og besetningen på fire grunnstøytte ved Fure ferjekai.

Foto: NRK.no-tipsar

Ifølgje meldinga på høgtalaranlegget på ferja må både mannskap og passasjerar om bord vente på at sjøen skal flø for å få dratt ferja av grunn.

Passasjer Vigdis Løberg trudde først at ferja hadde køyrt rett i kaien.

– Eg tenkte det var jammen ein bråstopp. Eg trudde ferja køyrde rett i kaien, men då eg såg ut såg eg at vi ikkje var ved kai likevel.

Bomma på kaien

Løberg seier det ser ut som ferja har bomma på kaia.

– Ferja vil eg seie har bomma på kaia. Den har køyrt på land 10–20 meter lenger nord enn kaia og står no på eit skjær.

MF Eid ved Stårheim 2009

Bilferja 'Eid' har gått på grunn ved Fure. Arkivfoto.

Foto: Harald Sætre

Ingen vart skadde i grunnstøytinga då ferja skulle legge til kai klokka 10. Ifølgje Løberg har ikkje passasjerane fått panikk. Det er 11 passasjerar og eit mannskap på fire om bord i ferja som var på veg frå Askvoll til Fure.

Tre trailerar om bord er blitt flytta for å hindre at ferja får meir slagside der den ligg på skjæret.

Ein båt frå eit nærliggande oppdrettsanlegg har prøvd å dra ferja av grunn, men førebels har passasjerane fått beskjed om at dei må vente på flo sjø før dei prøvar att.

Ventar på flo

Stig Kristoffersen i Fjord1 seier at dei førebels ikkje kan seie noko om årsaka til at ferja har gått på land.

– No er det snakk om å prøve å sikre at det ikkje blir lekkasje frå ferja. Så er det snakk om å få den av grunnen. Det vil vere flo sjø kring klokka 13, så vi vil vente på meir vatn under kjølen før vi prøver å få den av, seier Kristoffersen.

For oppdatertert trafikkinformasjon sjå www.fjord1.no.