Hopp til innhold

Ferie for mange vegarbeidsprosjekt

Frå 10.–30. juli tar fleire vegarbeidsprosjekt ferie i Sogn og Fjordane. Det blir mellom anna fri ferdsel gjennom Høyangertunnelen på Fylkesveg 55, og på E16 kan ein køyre uhindra gjennom Gudvangatunnelen, Fretheimstunnelen og Onstadtunnelen i Aurland. Nokre strekk på E39 mellom Bjørset og Skei blir lysregulerte i ferien, og på Riksveg 5 mellom Frudalstunnelen og Bergstunnelen tek dei ikkje sommarferie.