– Folk blir avhengige medan dei sit her inne. Eg tenker det er ein skandale, seier Rune Haukedal til NRK.
Han er undervisningsleiar i Bergen fengsel. Haukedal går no ut med sterk kritikk av korleis legemiddelassistert rehabilitering (Lar) i fengselet har utvikla seg dei siste åra.
I dag er det 33 innsette på programmet, noko som utgjer 15-20 prosent av dei innsette.
Til samanlikning er det høvesvis elleve og seks personar som tek imot same behandling i Oslo og Halden fengsel. Det er ein andel på to til fire prosent.
BLIR AVHENGIGE: Undervisningsleiar Rune Haukedal likar ikkje utviklinga av Lar-medisineringen i Bergen fengsel. Han fortel at innsette blir avhengige av Lar medan dei sonar.
Foto: Per Christian Magnus / NRK– Medisinen flyt rundt
Magasinet Larm, laga i Bergen fengsel, skriv i sitt første nummer at det kvart år byrjar ti personar på Lar-programmet medan dei sonar i fengselet.
– Lar har ein viktig funksjon. Men slik det er blitt i Bergen fengsel, flyt medisinen rundt, seier Haukedal.
«Erik» er i midten av 20-åra og sonar ein lang dom. I Bergen fengsel fekk han raskt tilbod frå andre innsette om Subutex, ein Lar-medisin som fjernar suget etter opiat, ofte heroin.
– Det var lett å gi faen og fortsette med rusen her inne. Eg vart meir og meir avhengig, fortel han til NRK.
SKYHØGT: Talet på innsette som går på Lar-medisin i Bergen fengsel er langt høgare enn fengsla i Oslo og Halden.
Foto: Per Christian Magnus / NRK«Lurar» systemet
I fengselet blir det tatt urinprøvar av dei innsette for å oppdage ulovlege stoff. Dei som blir tekne, kan bli straffa ved å miste luftetimar eller permisjonar.
Tilsette fortel at innsette likevel spekulerer i å feile på desse prøvane. Slik kan dei argumentere for at dei er rusavhengige, og dermed få Lar-medisinen lovleg.
Det var akkurat det «Erik» gjorde.
– Eg viste til positive urinprøvar, og til beslag politiet hadde gjort før eg hamna i fengsel. Då fekk eg raskt Lar-medisinen innvilga, fortel han.
MANGE LAR-BRUKARAR: – Delar av årsaka ligg utanfor fengselet, seier Christian Ohldieck i Helse Bergen.
Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRKMange i Bergen på Lar
Nokre av dei innsette i Bergen fengsel som går på Lar får Metadon, medan dei fleste får Espranor.
Lar-leiar i Helse Bergen, Christian Ohldieck, har ansvaret for utdelinga av medisinen i Bergen fengsel. Han påpeiker at fleirtalet av rusavhengige i Bergen går på Lar (i 2015 kring 1000 personar), og meiner dette er med på å forklare dei høge tala i Bergen fengsel samanlikna med andre.
Ohldieck vedgår likevel at det er krevjande å skilje ut dei som verkeleg treng Lar-behandling i fengselet.
– Det er ein vanskeleg balansegang. Det er ein god grunn til å kontinuerleg sjå kritisk på dette, seier han.
For tre månader sidan valde «Erik» sjølv å avslutte Lar-behandlinga. Han føler situasjonen i fengselet er ute av kontroll.
– Eg har sett mange som søker Lar-behandling etter å ha blitt avhengige her inne. Og dei har aldri brukt opiat på utsida, seier han.
- Les også: