Hopp til innhold

Desse jentene er dritlei av å få hundebæsj på seg – har sett opp eige skilt

Femåringane Nikoline og Tiril blir stadig forstyrra i leiken fordi dei må heim og bytte kle. Årsaka? Hundeeigarar som ikkje plukkar opp.

Nikoline Antonsen Steinsland (5 år) og Tiril Knudsen Pugerud (5 år)

HEIMELAGA: Nikoline Antonsen Steinsland (5) og Tiril Knudsen Pugerud (5) har fått på plass sitt eige skilt i Åsane.

Foto: Ida Pugerud

I fleire veker har det vore kaldt og kvitt ute over heile landet. No har vêret snudd, og gradestokken viser plussgrader.

Det betyr også at det snøen forsvinn, og mindre hyggelege ting kjem til syne.

Nikoline Antonsen Steinsland (5) og Tiril Knudsen Pugerud (5) frå Åsane i Bergen blir ofte avbrotne i leiken fordi dei får hundebæsj på seg.

På ti meters strekning fann dei fire stykke.

No synest dei nok er nok, og har sett opp heimelaga skilt.

Nikoline Antonsen Steinsland (5 år) og Tiril Knudsen Pugerud (5 år)

SKILT: Femåringane gir tydeleg beskjed med dette skiltet.

Foto: Ida Pugerud

Viftar med posen

Men det er ikkje berre i Åsane at hundeskiten kjem til syne.

Jorunn Eide Kirketeig frå Førde er dagleg på tur med hunden sin Storm. Ho er ekstra provoserte no når snøen smeltar.

– Dette er irriterande, eg vil ikkje at folk skal plassere meg i same kategori, seier ho.

Ho vil ikkje bli assosiert med hundeeigarar som ikkje tek med seg driten. Derfor viftar ho ekstra med posen.

– Eg går med posen akkurat no når temaet er så heitt, så viser eg i alle fall at vi plukkar opp etter oss, seier ho.

Jorunn Kirketeig og hunden Storm.

STANDPUNKT: Jorunn Eide Kirketeig vil vise at ho plukkar opp etter hunden Storm, og viftar derfor litt ekstra med posen i staden for å kaste den ifrå seg med ein gong.

Foto: Steinar Lote

Berre i Førde er det plassert ut rundt 90 bosspann, fleire av dei merka for hundeposar.

Det fortel Leif Halvor Kårstad, einingsleiar i Sunnfjord kommune.

– Det er mellom 60 og 200 meter mellom dei. Eg synest ikkje folk kan skylde på at det manglar bosspann, seier han.

Inviterer til konkurranse

Hundeeigar Ole Morten Størseth i Kristiansund er derimot lut lei sytinga og starta difor konkurranse i å plukke opp.

Den ivrige hundeeigaren oppmodar alle i nærområdet å plukke alt dei kan for å vere med i trekninga av eit gåvekort og gratis vaksine til hunden.

– Det er ikkje berre at hundeskiten er ubehageleg å trakke i. Den kan vere farleg for dyra, sidan den kan innehalde parasittar og andre sjukdomar, seier Størseth.

Bente Elvebu laga denne instruksjonsvideoen til hundeeigarar etter å ha blitt rasande over all hundebæsjen på Overåsanden i Hareid.

Bente Elvebu laga denne instruksjonsvideoen til hundeeigarar etter å ha blitt rasande over all hundebæsjen på Overåsanden i Hareid.

Bente Elvebu laga denne instruksjonsvideoen til hundeeigarar etter å ha blitt rasande over all hundebæsjen på Overåsanden i Hareid.

Meiner vi må tole det

Siri Helle frå Askvoll er ei av dei som meiner synleg hundeskit er noko ein bør forvente å sjå.

– Eg har endå til gode å irritere meg over ein rein hundebæsj, seier ho, som derimot let seg irritere over posar med hundebæsj.

– Det er seigt å trakke i hundebæsj, supplerer Hanne Stedje frå Årdal.

Høyr diskusjonen mellom dei i fredagspanelet her:

Ho ergrar seg ikkje over avføringa, men heller eigarane.

– Men vi kan jo sjå positivt på det, våren er tydelegvis komen. Det verkar som at hundeeigarar trur at det forsvinn dersom dei berre spenner litt snø over det. Då blir eg oppgitt, seier Stedje, som sjølv har vore hundeeigar.

– Vil vi ha hundar i verda må vi også tolerere at det er hundebæsj i verda, slår dei fast.

Hundedrit

ENGASJEMENT: Hundeskit engasjerer. Denne skjermdumpen er henta frå ei facebook-gruppe i Førde.

Foto: Skjermdump