Hopp til innhold

Fem skadde i krevjande dag på vestlandsvegane

Det første skikkelege snøfallet har gitt ein krevjande dag på vestlandsvegane. – Som bilførar må ein omstille seg, seier politiet.

Buss fikk problemer på glatt vei i Sædalen

ÅTVARA: Politiet åtvara tidleg i dag om glatte vegar. Ved Sædalen i Hordaland kom ingen til skade då ein buss køyrde inn i ein personbil.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

Frå klokka 06 til 18 har det «smolle» ikkje mindre enn 11 gonger. Fem av hendingane er registrert som trafikkulukke med personskade. Til alt hell ser alle ut til å kome frå det utan alvorlege skader.

Til samanlikning var det ei hending i går og fem dagen før.

– 11 hendingar er ganske mykje. Det er ikkje kvardagskost for å seie det slik, men likevel slikt vi ser når første snøfallet kjem og det blir glatt, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Mikkelsen ved Vest politidistrikt.

Åtvara bilistane

Dagen var ikkje veldig mange timane gamal før politidistriktet oppmoda bilistane om å køyre forsiktig.

Laster Twitter-innhold

For vestlandsvegane har vore langt frå sommarlege i dag. Silje Kristin Guddal frå Stryn var på veg over Utvikfjellet i Gloppen i 16-tida då ho fann det best å åtvare andre bilistar.

– Eg møtte brøytebilen, men det snør så kraftig at den ikkje klarer å ta unna. Snøflaka er på storleik med tennisballar. Det ligg utruleg mykje snø i vegen og det er kjempeglatt, skildra ho.

Fleire har klaga

Vogntog på veg til Hesjedalen i Førde

BOM STOGG: Klimatiske forhold og glatte kontrollplassar gjorde det problematisk for uteseksjonen i Statens vegvesen å gjennomføre vanlege trafikkontrollar. Men denne utanlandske trekkvogna fekk bruksforbod på veg til Hesjedalen i Førde då den mangla kjettingar. Semitralla er anonymisert.

Foto: Statens vegvesen

Ved Vegtrafikksentralen i Bergen har dei fått fleire meldingar frå heile Vestlandet om glatte vegar.

– Folk har store forventingar til føret, og det skal dei ha. Men enkelte er veldig raske med å klage når vegane ikkje har sommarføre. Då må vi minne dei på at sjølv om det er 80-sone på ein stad, så er det ikkje 80-sone uansett vêr og føre, seier John Andreas Omdal.

– Det er krevjande å halde vegen berr i bygevêr og eg ser på radaren at det er bygevêr som pregar, legg han til.

Ikkje berre glatta

Operasjonsleiar Dahl-Mikkelsen seier hendingane dei har registrert ikkje berre skuldast glatte vegar, men også ein kombinasjon av mørke, nedbør og motlys.

Riksveg 15 ved Markane i Stryn

SNØFALL: Det har kome godt med snø på Vestlandet siste døgnet. På riksveg 15 i Stryn var vegen gjennom Markane stengd etter ei trafikkulukke på Langeset.

Foto: Statens vegvesen / Skjermdump

Uhellet på riksveg 15 ved Langeset i Stryn vart det meldt om svært glatt veg. Her køyrde ein personbil inn i eitt av fleire vogntog som ikkje kom seg opp bakken. Her tek politiet truleg ei vurdering av korleis vogntoga var skodde.

– Det var såpeglatt. Her måtte det strøast før bilbergaren kunne køyre frå staden

– Kva er di oppmoding til trafikantane?

– All erfaring tilseier at ein må omstille seg og setje ned farten ved første snøfall. Ein må vere konsentrert og følgje godt med. Og mjukare trafikantar må bruke refleks. Om ikkje, så er ein vanskeleg å sjå.

P.S. Og i det saka blir publisert, melder Vegtrafikksentralen at to trailerar har sklidd av fylkesveg 60 mellom Seljeset og Grodås i Hornindal. Det er så vidt passasje for småbilar.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold