Alarmen gjekk seks gongar laurdag i fem ulike tunnelar i Sogn. Når skåpa med pulverapparat blir opna, går alarmen hos vaktsentralen i Florø. Brannsjef Arvid Gilje rykte sjølv ut og vart møtt med ei kvit sky frå tømde apparat,
Ti apparat fjerna i Aurland
Slikt hærverk og stolne pulverapparat frå tunnelar har skjedd fleire gongar tidlegare om åra. Berre så langt i år har ti apparat blitt fjerna frå tunnelar rundt Aurland.
- Svekkjer beredskapen
Vaktoperatør Terje Bolstad på vaktsentralen i Lærdal seier slike alarmar betyr full uttrykking. Bolstad meiner tyleskapen svekkjer beredskapen betydeleg, sjølv om dei på kontoret kanskje luktar lunta.
Politiet rykte ikkje ut
Brannsjefen i Aurland er skikkeleg irritert over ugjerninga. Laurdag rykte ikkje politiet ut fordi avstanden var for stor, og no håpar han vegvesenet melder saka til politiet slik at den blir etterforska.