Hopp til innhold

Fem personar sendt til sjukehus etter bilbrann

Fem personar er sendt til Førde sentralsjukehus med røykskadar etter ein bilbrann i Magnhildskartunnelen. Tunnelen vil ikkje bli opna før utover dagen på laurdag.

Bil

UTBRENT: Denne bilen er ein av to utbrente bilar i Magnhildskartunnelen.

Foto: Politiet/Alf Vidar Snæland

– Undersøkingane startar i morgon tidleg og tunnelen vil framleis vere stengd utover dagen på laurdag, seier Tore Tysse ved Vegtrafikksentralen.

Ein geolog skal sjekke tunneltaket i løpet av morgondagen.

– Stein har losna frå tunneltaket, så ein geolog må sjekke tunneltaket i løpet av morgondagen før vi kan opne. Ved intens varme kan det fort bli skade på tunneltak og elektriske installasjonar, seier Tysse.

Vegtrafikksentralen opplyser om at det vil bli sett inn båt frå Indre hamn i Florø til Villevika.

Fem personar sendt til sjukehus

Naudetatane fekk melding om bilbrann i Magnhildskartunnelen mellom Grov og Svelgen kl. 19.56 på fredag.

– 300 meter inn i tunnelen har det vore ein kollisjon mellom to køyretøy. Det oppstod ein brann som følgje av samanstøyten. Fem personar var i tunnelen og kom seg ut, seier innsatsleiar på staden, Jan Arild Nervik.

Bilbrann i Magnhildskartunnelen

KRAFTIG RØYKUTVIKLING: Fem personar er sende til sjukehus med røykskadar etter tunnelbrannen fv. 614.

Foto: NRK-tipsar

– Fem personar er sendt til Førde sentralsjukehus med røykskadar, der to av personane har fått i seg meir røyk enn dei andre, seier Olaug Holme ved operasjonssentralen til politiet i Florø.

Røykdykkarar søkte gjennom tunnelen.

– Røykdykkarane har avslutta søk i tunnelen. Entreprenøren skal etter kvart inn for å vurdere tilstanden til tunnelen, og når den eventuelt kan opnast att. Det står tre bilar inne tunnelen som må flyttast på, seier Holme.

Bilde

SØK AV RØYKDYKKAR: Røykdykkarar søker gjennom Magnhildskartunnelen.

Foto: Alf Vidar Snæland

Tre bilar inne i tunnelen

Det er totalt tre bilar inne i tunnelen, men ingen er meldt sakna, opplyser politiet.

– Det er tre bilar inne i tunnelen. To av bilane er utbrente. Den tredje bilen skal ha forsøkt å rygge ut, men køyrde inn i tunnelveggen. Personane i den tredje bilen kom seg ut av tunnelen utan hjelp. Så langt er ingen meldt sakna, seier Holme.

Alle naudetatar rykka ut til bilbrannen i Magnhildskartunnelen mellom Grov og Svelgen på fv. 614. Mannskap frå både Eikefjord, Svelgen og Florø var på staden.

Brann

ALLE NAUDETATAR PÅ PLASS: Alle naudetatar skal vere på plass ved Magnhildskartunnelen etter melding om bilbrann.

Foto: Alf Vidar Snæland