Fem overnatta i arresten og to hamna i sjøen

Vest politidistrikt har hatt oppdrag på det jamne natt til søndag. Mest dramatikk vart det då to personar hamna i sjøen då dei skulle om bord i ein fritidsbåt i Bergen.

– Kvinna kom seg opp sjølv, men ein patrulje måtte hjelpe den mannlege parten på land, seier operasjonsleiar Per Algerøy ved Vest politidistrikt.

Hendinga vart meldt inn i 01.30-tida. Dei to, ein mann og ei kvinne i 60-åra, skulle gå om bord i ein båt som låg til kai mellom Torget og Bryggen.

Til alt hell fekk tilfeldig forbipasserande med seg hendinga. Dei prøvde å hjelpe mannen på land, men måtte gi opp. Etter nokre få minuttar fekk patruljen mannen på land.

– Det er klart at det å komme seg på land når ein fell ned mellom båtar og slikt, det er ikkje alltid lett. Men det gjekk bra denne gangen, og begge vart overtekne av helse, seier Algerøy.

Gjennom natta har også fem menn i 20- til 60-åra sove ut rusen i drukkenskapsarresten.

– Det går mykje i ordensuro og forulemping av politi og folk, seier Algerøy.

Politiet har også oppretta sak etter at gjester kom i slagsmål på ein utestad på Torget like før klokka 03. Ein mann fekk skuldra ut av ledd, medan ein annan vart slått i bakhovudet med eit ølglas. Medan mennene vart køyrt til legevakta for sjekk, stakk gjerningspersonen av.

Det same gjorde gjesten som likte dårleg å bli kasta ut frå ein utestad på Strandkaien. Ordensvakta som vart slått til i ansiktet med knytt neve måtte til legevakta for sjekk.