Fem nye smitta i Øygarden

Fem personar har i dag fått påvist korona i Øygarden. Tre av dei smitta er importsmitte, medan to av dei er nærkontaktar. 25 personar i kommunen er no i isolasjon grunna smitte. Dei tre siste dagane har 16 personar fått påvist smitte i Øygarden.