Hopp til innhold

Svensk bussjåfør (56) må fem månader i fengsel for aktlaust bildrap ved Fardal

Føraren av ein svensk turistbuss er dømd til fengsel i fem månader etter bussulukka ved Fardal i Sogndal i fjor sommar. Han må også ut med over ein halv million kroner i erstatning.

Bussulukka ved Fardal

DØDSULUKKE: Sogn tingrett meiner den svenske føraren låg feil plassert i vegbana og kan lastast for dødsulukka ved Fardal i fjor sommar.

Foto: Øyvind Nondal

Den svenske turbussen og den lokale rutebussen trefte kvarandre med berre nokre centimeter overlapping i 60-sona med Fardal. Men samanstøyten vart fatal for ei kvinne i kvar av dei to bussane .

No er føraren av den svenske bussen dømd for aktlaust bildrap.

Forsvarar Geir Kruge

FORSVARAR: Geir J. Kruge seier klienten hans er på reis og såleis ikkje blir kjend med innhaldet i dommen før i neste veke.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Mannen sin forsvarar Geir J. Kruge seier klienten hans er på reise av private årsaker og såleis ikkje har fått sett seg inn i dommen. Han vil difor ikkje kommentere den.

– Eg registrerer at dommen er veldig grundig, og at påtalemakta har fått medhald på alle punkt, med unntak av straffutmålinga, seier aktor i saka, politiadvokat Anette Stegegjerdet Norberg, om dommen.

– Viktig å få svar

Begge førarane vart sikta etter ulukka 12. august i fjor, men berre den svenske føraren vart tiltalt og måtte svare for aktlaust bildrap i Sogn tingrett. Mannen har heile tida nekta straffskuld i saka .

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Created by InfoDispatcher

SJÅ TV-SAK: Retten synfarte både ulukkesstaden og bussane i samband med rettssaka etter bussulukka ved Fardal.

Den svenske bussen var på veg vestover på fylkesveg 55, medan den norske bussen var på veg frå Leikanger til Sogndal. Konklusjonen til Sogn tingrett er den same som både Torgeir Bang ved Statens vegvesen si ulukkesgruppe, og sakkunnige Arvid Aakre, sivilingeniør NTNU, har kome fram til. Den svenske bussen var for langt inne i vegen .

Retten legg til grunn at føraren ikkje var merksam nok i forkant av ulukka.

– Familien føler at dei har fått svar på korleis ulukka skjedde, og er glade for at dommen er grundig, tydeleg og godt grunngitt. Det er viktig for dei at ansvaret er så tydeleg plassert, seier advokaten til familien til den norske kvinna som omkom, Odd Harald Hovde.

På kvitestripa

Rekonstruksjonar har vist at det er passering på staden. For retten vart det sentrale spørsmålet å ta stilling til kvar dei to bussane var i vegbana då dei støytte saman.

Frå synfaring etter dødsulukka i Fardal.

SYNFARING: Retten var på synfaring under rettssaka, der både Torgeir Bang (i midten) ved ulukkesgruppa til Statens vegvesen og sakkunnige

Foto: Oddleif Løset / NRK

Sakkunnige Aakre meinte at det einaste ein trengde for å stadfeste bussane si plassering, var bremsesporet til den norske bussen samt opplysningar frå fartsskrivarane.

– Bussen bevega seg berre tre til fem meter etter kollisjonen, og spora ligg tilnærma på kantlinja av vegen. Etter mi oppfatning var den norske bussen difor tilnærma på den kvite kantlinja då ulukka skjedde, sa Aakre.

– Vegen er brei nok

Den svenske føraren forklara i retten at han la bussen ned på kvitestripa då han såg den møtande rutebussen komme. Dette festa ikkje retten lit til.

Anette Stegegjerdet Norberg

AKTOR: Anette Stegegjerdet Norberg aktorerte saka mot den svenske bussjåføren.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det var til saman 30 passasjerar i dei to bussane.

– Retten slår fast at vegen var brei nok til passering av to bussar dersom begge førarane hadde lagt seg ut som dei skulle. Eg registrerer også at retten meiner det er eit eintydig bilete av bevisa som viser at den svenske bussen var over midten av vegen, summerer opp Stegegjerdet Norberg.

– Retten har også stadfesta at sjåføren ikkje har sett den andre bussen sjølv om han hadde sikt på fire sekund, og skriv at dei meiner han handla med markant ubevisst aktløyse, held politiadvokaten fram.

Halv million i erstatning

I tillegg til fengselsstraffa på fem månader, må den svenske bussføraren betale 250.000 kroner i erstatning til det norske foreldreparet, samt 125.000 kroner til far til den taiwanske kvinna som omkom.

To turistar som vart alvorleg skadde i ulukka får 75.000 kroner kvar i erstatning. Det totale kravet frå hjelpeadvokatane var 725.000 kroner . Den svenske føraren får heller ikkje køyre bil/buss i Norge i tre år.

Advokat Erik Slotterøy, som representerer dei skadde og etterlatne turistane frå Taiwan, ynskjer førebels ikkje å kommentere dommen.

– Straffa er underordna

Odd Harald Hovde og Erik Slotterøy

ADVOKATAR: Advokatane Odd Harald Hovde (t.v.) og Erik Slotterøy representerte pårørande og skadde etter bussulukka ved Fardal.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Politiadvokat Stegegjerdet Norberg kravde fengsel i ni månader under hovudforhandlinga i Sogn tingrett.

Straffa vart fire månader kortare. Aktoren seier dei tek straffutmålinga til følgje, og legg til at det førebels er for tidleg å seie om straffa blir anka.

– Straffa og erstatningsutmålinga er av heilt underordna betydning for familien. Dei får aldri jenta si tilbake uansett. Det som betyr noko for dei, er at dei har fått sine stadfestande svar, og at dei forhåpentlegvis kan gå vidare i livet sitt, seier bistandsadvokat Hovde.

Ynskjer ikkje anke

Tida etter ulukka har vore tung for alle dei involverte partar. Medan forsvarar Kruge må vente til neste veke med å gå igjennom dommen med sin klient, seier Hovde at det ikkje er aktuelt for hans klientar å anke det sivilrettslege kravet.

Både påtalemakta og forsvaret kan anke dommen.

– Familien ynskjer ro, og dei ynskjer å gå vidare i liva sine. Dei håpar sjølvsagt at dommen blir ståande. Med den gode og djupe grunngjevinga som domstolen har gjeve, så håpar dei at den ikkje slepp inn for ankehandsaming i lagmannsretten, seier advokaten til familien.

Viktige rapportar

Sett i lys av debatten som har versert om Statens vegvesen sine ulukkesrapportar, meiner han saka viser kor viktig og avgjerande desse rapportane kan vere etter trafikkulukker.

VG avslørte nyleg at Vegvesenet har halde hemmeleg 1.548 granskingsrapportar etter dødsulukker i perioden 2005–2012.

– Det å få plassert eit ansvar og å få vite er av avgjerande betydning for dei som mister nokon i trafikkulukke. Det har siste debatten om hemmeleghald av ulukker vist. Ein skal aldri undervurdere betydninga av å få eit svar på korleis ein mister sine kjære i ei ulukke, seier han.

– I denne saka var dei tekniske rapportane avgjerande for saka, stadfestar Stegegjerdet Norberg.