Hopp til innhold

Fem bustader skadde i rekkehusbrann. – Ein traumatisk oppleving

Fleire personar er huslause etter ein rekkehusbrann i Førde natt torsdag. Ove Håkonsen måtte sjå heime sitt gå opp i flammar.

Brann i Førde, Ove Håkonsen i huset.

ØYDELAGT: Huset til Ove Håkonsen er no totaløydelagt som følgje av brannen i natt.

Foto: Julianne Flølo

Det var like før klokka to natt til torsdag at naudetatane fekk melding om ein brann i rekkehus med 6 bueiningar. Rekkehuset ligg i eit område der det er tett mellom husa. 3 bueiningar er totaltskada av brannen, 2 har fått vasskadar.

Ove Håkonsen

NABO: Ove Håkonsen er nærmaste nabo til brannen.

Foto: Julianne Flølo / NRK

Som nærmaste nabo var Ove Håkonsen ein av dei evakuerte. Han skulle etter planen flytte i august. No blir planane endra.

– Nokre naboar kom og banka på døra. Då var det berre å få på seg kleda. Brannvesenet var inne etterpå for å hente nokre affeksjonsverdiar, fortel han tydeleg prega.

Håkonsen har brukt dagen på å svare på telefonar, og planlegge kva han skal gjere framover.

–Det har vert ein traumatisk oppleving. Det er ikkje noko man er vant til at skjer i det daglege.

Brann i Førde

ØYDELAGT: Det var store skader inne i huset til Ove Håkonsen

Foto: Julianne Flølo / NRK

Byrja etterforskinga

Krimteknikare er på veg til staden som skal undersøkje. Politiet har i løpet av dagen byrja å gjennomføra avhøyr. Dei arbeider no med å kartlegga kva som har skjedd, kor brannen starta og kva som er årsaka.

– Det er for tidleg å seie noko om årsaka, fortel innsatsleiar Torbjørn Thue

Det er mellom 10 og 12 personar som vart ramma av brannen. Dei skal få mellombels bustad av kommunen. Ein person blei etter brannen frakta til sjukehus. Han er no utskrive.

Intenst slukningsarbeid

Brann i eit rekkehus i Førde

SPREIDDE SEG: Bueininga var overtent då brannvesenet kom fram.

Foto: NRK.no-tipsar

Brannen spreidde seg til nærliggande bueiningar. Like før klokka 04 melde brannvesenet at brannen var under kontroll.

– Vi har fått dempa alt, røyken har gitt seg og vi Finn ikkje meir varme i rekkehuset, opplyser innsatsleiar for brann, Magnus Stein.

Brann i rekkehus i Førde

KONTROLL: Brannvesenet fekk rundt 03:30-tida kontroll på brannen i Førde.

Foto: Julianne Flølo / NRK

Full overtenning

Innsatsleiar Stein seier huset var overtent då brannvesenet fekk meldinga. Han anslår at dei første brannmannskapa var framme mellom fem og åtte minutt etter at det blei slått alarm.

– Det var mykje folk rundt her. Det blei veldig hektisk i starten, fortel han.

– Frykta de at brannen skulle spreie seg?

– Vi frykta ganske lenge at brannen skulle spreie seg til fleire bueiningar i rekkehuset. Vi frykta ikkje at brannen skulle spreie seg til fleire rekkehus.

Store skader etter brann i Førde

STORE SKADER: Rekkehusa som vart ramma, har store og omfattande skader.

Foto: Julianne Flølo

Rekkehuset som brann har fått omfattande skader.

– Det er totalt nedbrent der brannen starta, men elles ser det ut som om vi har klart å redde store deler av resten av rekka. Med tanke på korleis det såg ut då vi først kom, så føler eg at vi har gjort ein god jobb, seier Stein.

Mellom 20 og 30 brannmenn har vore i sving under sløkkearbeidet. Brannvesenet blir på staden utover føremiddagen.

– Nå blir det å sikre at vi ikkje har oversett noko, og sikre at vi klarer å berge noko av verdiane i rekka.

Rekkehusbrann i Førde

BRANN: Rundt 20 personar blei evakuerte då det byrja å brenne i eit rekkehus på Viebøen.

Foto: Julianne Flølo / NRK