Hopp til innhold

Felte tårer for Arbeidarpartiet

Det vart både tårer, glede og fortviling då Arbeidarpartiet hadde nominasjonsmøte i helga.

Nominasjonsmøte i Ap

IKKJE NØGD: Jorunn Eide Kirketeig var slett ikkje nøgd med Clara Øberg og Harry Mowatt vart kasta på nominasjonsmøte til Ap i helga. Her er ho saman Jan Helge Dale, leiar i nominasjonsnemnda i Ap.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

- Det viser vel på meg at eg ikkje er særleg lukkeleg så langt, seier Jorunn Eide Kirketeig.

Vanskeleg

Jenny Følling

1. KANDIDAT: Senterpartiets Jenny Følling står på førsteplass på partiet si liste. Ho er altså fylkesordførarkandidat.

Foto: Dagrun Reiakvam

- Du er litt blank i auga?

- Ja, eg kunne tenkt meg at lista såg annleis ut, ja.

Tårer av både glede og fortviling kom på Arbeidarpartiet sitt nominasjonsmøte på Skei i helga.

Taparane, dei som kjempa for at Clara Øberg og Harry Mowatt skulle vere på lista, trur det vert tøft å drive valkamp i Sunnfjord med den lista paritet no stiller med.

-Tungt og trist

Raymond Johansen og Siri Sandvik i Eid Ap

BRA LISTE: Siri Sandvik frå Eid Ap meiner lista som Ap har er god.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Førde-politikar Eide Kirketeig sat med tårer i auga på bakerste benk på møtet.

Der gjekk ein allianse mellom Nordfjord, indre Sogn og AUF saman om å kaste partiveteranane og Helse Førde-toppane Øberg og Mowatt.

- Det er veldig trist og tungt å oppleve at to av dei beste Ap-politikarane vert vraka av lista. Eg trur ikkje det er aksept blant folk for at dei skal få ei slik behandling. Det vil vi sjå i folketunge distrikt, seier Kirketeig.

Åtvara Ap-folket

Nominasjonsmøte i Ap

5.PLASS: Torbjørn Vereide klarte å komme seg inn på ein femteplass på lista til Ap. Han felte nokre tårer i rein glede.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Margunn Masdal, også frå Førde, åtvarte frå talarstolen, men vart ikkje høyrt.

- Skal Ap lukkast må veljarane i Sunnfjord mobiliserast. At Jenny Følling i Gaular er førstekandidaten til Senterpartiet er ikkje Førde sitt problem. Det er Arbeidarpartiet sitt problem, sa ho frå talarstolen.

Ho trur at det vert vanskeleg ved det komande valet.

- Det er ytterkantane som har sikra seg posisjonar. I dei områda der det bur mange folk er det problematisk når det er så sterk sentrum/periferi-strid.

Gret av glede

Nominasjonsmøte i Ap

STOR JOBB: Teljarane hadde ein stor og viktig jobb under nominasjonsmøte for Arbeidarpartiet på Skei i helga.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det var fleire som kjente gråten i halsen. Men ikkje av same grunn. AUF-leiar Torbjørn Vereide frå Gloppen sikra seg femteplassen.

- Eg har felt ei tåre og to i dag. Det var så enomt deilig å sikre seg ein plass i vaksenpolitikken. Eg trur det er ei såpass god liste at det ikkje vil vere nokon veljarflukt, seier Vereide.

Det fryktar heller ikkje leiar Siri Sandvik i Eid Ap.

- Det er mogleg vi tapar stemmer. Men ikkje i same omfang som ein ville gjort med det opprinnelege forslaget, seier ho.