Hopp til innhold

Norge imponerte i eliteklassen for kvinner

For fyrste gong under sykkel-VM fekk Sotra og Øygarden vist fram kva Kyst-Noreg har å by på. Snart startar kvinnene sin fellesstart.

Menn jr og kvinner elite.

BLIR DET MEDALJE PÅ NOREG I DAG: NRK sender sykkel VM direkte på radio og nett.

NRK sender alt frå sykkel-VM direkte på radio. Du kan følgje sendingane på NRK Sport:

Fellesstart kvinner, elite klokka 13.30

Også elitekvinnene skal ha sin fellesstart laurdag. Dei startar frå Festplassen og skal ha åtte rundar i den blytunge rundløypa der mellom anna Salmon Hill, eller Laksebakken, er frykta av mange.

Den er på totalt 1,5 kilometer, og har ei snittstigning på 6,4 prosent.

Målgangen er venta rundt 17.30, med etterfølgande medaljeseremoni klokka 17.50.

Desse kvinnene syklar for Noreg:

  • Katrine Aalerud
  • Susanne Andersen
  • Stine Borgli
  • Line Marie Gulliksen
  • Vita Heine
  • Cecilie Gotaas Johnsen
  • Ingrid Lorvik
  • Emilie Moberg
  • Ingrid Moe
  • Thea Thorsen

Konsert på Torgallmenningen

Laurdag kveld kulminerer dagens sykkelfest med konsert på Torgallmenningen.

Razika, Hjerteslag og Real Ones er bland artistane som skal vidareføre den vonleg gode stemninga.

Frå klokka 18.00 kan ein høyre musikk i ulike sjangrar, og arrangør Bergen 2017 lovar ein real festkveld.

Razika 3

HELDT KONSERT: Razika er blant dei som står på scena på Torgallmenningen laurdag kveld.

Foto: Ingvild Fjelltveit / NRK

Stengd Sotrabru

Også laurdag er vegane der løypene går stengde mellom 08.30 og 19.00.

Bergen kommune har gjennom veka oppfordra til å la bilane stå og heller velje å sykle eller nytte kollektivtransport dersom det er mogleg.

Sotrabrua var stengd fram til klokka 11.

Sjå informasjon frå Bergen kommune

Er du usikker på om du vert påverka av sykkel-VM, kan du sjå på dette digitale kartet frå kommunen.