Hopp til innhold

Fekk vita om barnevernproblemet torsdag

Byråd Line Berggreen Jacobsen sa på pressekonferansen at ho fekk vita om dei tekniske problema med portalen for bekymringsmeldingar torsdag kveld. Ho informerte byrådsleiaren fredag.

– No går me ut med informasjonen me har, sjølv om me framleis ikkje har fått det fulle biletet av situasjonen, seier ho.

Ho understrekar at problema ikkje er barneverntenesta i kommunen eller dei tilsette i det nye mottaket for bekymringsmeldingar sin feil. Ho peikar på at det ikkje er tvil om at det er kommunen som har ansvar for barn i Bergen.

– Men Visma har erkjent at feilen ligg hjå dei. Det er dei som har gjort at meldingane ikkje har kome fram til våre tilsette i vår barnevernsteneste.