Hopp til innhold

Fekk topplassen: – No har vi samla oss

FLESLAND (NRK): Radøy-ordførar Jon Askeland blir Senterpartiet sin toppmann på vallista til Vestland senterparti.

Jon Askeland toppkandidat i valget til Vestland

PÅ TOPP: Jon Askeland frå Hordaland fekk topplassen i dag.

Foto: Elise Angell / NRK

Det blei klart under nominasjonsmøtet i ettermiddag der det skulle endeleg avgjerast kven som skal stille til val for partiet i historias første fylkestingsval i nye Vestland fylke.

– For ein gong skuld er eg mållaus, og det er ikkje så ofte. Det har vore eit sterkt ordskifte, men dette er eit parti som har teke debatten i forkant. Vi har no samla oss om det som er viktig, nemleg at vi får ei god liste og ein god valkamp med rak rygg og samla tropp, seier Askeland.

Sjølv er han overraska at nettopp han skulle enda på toppen av lista.

– For tre veker sidan hadde eg ikkje ein gong tenkt tanken. Eg hadde eit trua på at eg skulle vere på topplista, men så ville eit samla årsmøte utan debatt røyste meg heilt til topps. Då er det berre å brette opp skjorteermene og jobbe. Eg skal gjere mitt beste.

No seier han at det viktigaste blir at folk set seg ned og snakkar saman for å samle det nye Vestland senterparti.

– I den gruppa som blir valt no, er det mange ressurspersonar med forskjellige eigenskapar. Vi skal snakke i lag og finne våre strategiar. Dette er nok eg har god erfaring med.

Intern strid

Tidlegare i haust trudde dei fleste at topplassen skulle gå til Sogn og Fjordane fordi partiet står så sterkt der. Men det enda med at nominasjonskomiteen føreslo Askeland på topp etter at dei i utgangspunktet eigentleg ønskte årdølen Aleksander Øren Heen heilt øvst.

For etter at indresogningane i partiet rauk i tottane på nordfjordingane og sunnfjordingane, klarte ikkje dei to fløyene i partiet å verte samde om ein felles kandidat til førsteplassen.

Kampvoteringar

Dermed gjekk nominasjonskomiteen for Askeland på topp, medan Øren Heen blei plassert på andreplassen. Også Sigurd Reksnes frå Eid kjempa for denne plassen.

Aleksander Øren Heen

2. PLASSEN: Aleksander Øren Heen frå Årdal

Foto: Elise Angell / NRK
Jenny Følling

3. PLASSEN: Jenny Følling frå Gaular

Foto: Elise Angell / NRK

Det var til slutt Heen som sikra seg 2. plassen med 115 røyster, mot Reksnes som fekk 68.

Heen seier han er stolt og audmjuk over tilliten han har fått.

– Det er eit solid fleirtal bak kandidaturet mitt. No vil eg vere synleg, snakke med og lytte til folk. Eg vil vere ein talsperson for folk som bur i fylket, seier han.

– Du var eigentleg innstilt på 1. plassen. Er det litt bittert?

– Eg vel å ikkje tenkje på det som bittert. Det har vore viktig å få ei liste som kan samle partiet, og då kan vi gjere ein best mogleg valkamp.

Har tru på lista

Også på 3. plass var det kampvotering. Jenny Følling frå Gaular som i dag er fylkesordførar i Sogn og Fjordane, var innstilt på denne plassen. Også Gunn Åmdal Mongstad frå Solund ville kjempe om denne og dermed blei det kampvotering.

Resultatet blei at Følling fekk 151 røyster og Mongstad fekk 34.

Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete var også til stades på møtet.

– Eg trur at dette blir ei veldig god liste. Dei som er valde er røynde og dyktige folk, seier ho.

Slik ser topp 10-lista ut:

  1. Jon Askeland. Radøy
  2. Aleksander Øren Heen, Årdal
  3. Jenny Følling, Gaular
  4. Sigrid Brattebø Handegard, Ullensvang
  5. Hilde Horpen, Årdal
  6. Alexander Fosse Andersen. Bergen
  7. Sigurd Erlend Reksnes, Eid
  8. Mette Heidi Bergvang Ekrheim, Etne
  9. Gunn Åmdal Mongstad, Solund
  10. Lars Fjeldstad, Osterøy